Årdal: Karoline Molland (15) kunne ikkje vera med og trena førre veke grunna ein småskade. Difor måtte ho stå på sidelinja då lagveninnene finpussa forma inn mot meisterskapen.

– Me er veldig spente no so få dagar før kretsmeisterskapen. Eg òg skal vera med å turna laurdagen, men i det siste har eg vore nøydd til å trappa litt ned på treningsmengda, slik at eg ikkje skadar meg meir før stevnet, seier Molland.
I fjor arrangerte Jotun turn fylkesturnstemnet for fyrste gong på meir enn 10 år. I år arrangerer dei for fyrste gong kretsmeisterskapen i troppsgymnastikk. 150 turnarar kjem på gjesting frå heile fylket og skal tevla med dei rundt 40 turnarane frå Jotun. Til saman kjem sytten ulike troppar med aldersklassar frå elleve år til seniorar, som er seksten år og eldre.
– Kvifor heiter det troppsgymnastikk, er det ein slags militær gymnastikk?
– Nei då, det heiter troppsgymnastikk av di det ikkje er éin og éin person som turnar. Me er seks som turnar i lag som ein tropp, soleis det namnet, opplyser Molland.
Men det vil ikkje seia at alle skal gjera det same. Turnarane gjer ulike øvingar samstundes, men rørslene og kunstane skal gå opp i éi høgare eining.
– Det er individuelle element me gjer, som skal vera fint å sjå på i ein heilskap. Det skal synast at me er eit lag. På slutten av framsyninga joggar me samla tilbake og me får ein felles poengsum, forklarar Molland.

Har turna i seks år
– Det er gøy å turna og det er so mykje ulikt me gjer i denne idretten. Det er alltid noko nytt å jobba med, som til dømes å øva inn ein ekstra skru på saltoen, fortel Molland.
Ho synest det er kjekt at troppsgymnastikk, sjølv om turn på eit vis er ein individuell idrett, likevel kan vera ein lagsport. Ho likar når fleire turnar saman. Og so er det kjekt å læra seg teknisk avanserte øvingar. Ho har fått nokre triks innanbords.
– Om eg er ute med vener som ikkje turnar, so kan eg gjere turntriks for dei, det er kult, seier ho.
Molland fortel at somme av turnarane ikkje er so mjuke, men får til dei mest utrulege kunstar likevel, takka vere at dei er sterke og smidige.
– Det er ein fordel å vera mjuk, men det er like viktig å vera sterk og ha skikkelege tigerkrefter, seier Molland.
– Snurring rundt alle aksar

Dei seks trenarane Aina Heggø, Sofie Moen, Marianne Hellebø, Veronica Hellebø, Elin Haug og Ruth Laberg har tatt på seg ansvaret for å arrangera tevlinga.
Dei lovar luftige svev på laurdag, snurring rundt alle aksar, domarar i dress og slips og ein spanande konkurranse. Og det skal verta sal av gode kaker.
Meisterskapen vert halden i Årdalshallen og startar på føremiddagen. Medaljeseremonien vert ut på ettermiddagen. Trenar Sofie Moen oppmodar publikum om å vera på plass i hallen alt når meisterskapen vert innvigt:
– I det meisterskapen vert opna, skal jentene i turngruppa som er for unge endå til å deltaka, syna fram ein dans dei har øvd inn, seier ho.