NY SIGER: Andrea Luggenes var toneangivande i serieopninga. I dag var ho og laget i aksjon mot Florø 2. Foto: arkiv.
NY SIGER: Andrea Luggenes var toneangivande i serieopninga. I dag var ho og laget i aksjon mot Florø 2. Foto: arkiv.

Jotun vann igjen på bortebane

I dag var det Florø 2 som måtte gje tapt, dermed har årdalslaget no to sigrar på rappen i serieopninga.

Florø2 - Jotun: 18-21

Etter sigeren i seriestarten, kjempa Jotun i dag for sin andre topoengar for sesongen. Motstandar Florø 2 hadde på si side rukke å spele to kampar, men stod berre med eitt einsleg poeng før møtet med Jotun.

Dei to laga følgte kvarandre som skuggar gjennom heile førsteomgangen. Til pause var stillinga 10-9 til gjestene frå Årdal.

NØGD: Trenar Oli Sveinsson er glad for siger, men mest oppteken av å utvikle laget og miljøet vidare.
NØGD: Trenar Oli Sveinsson er glad for siger, men mest oppteken av å utvikle laget og miljøet vidare.

Les også: – No er me litt over den striden som var
Les også: Handballjentene tok årets første siger

Andre omgang var lenge lik den første. Ingen av laga ville sleppe det andre ifrå med meir enn eitt mål. Tjue minutt ut i omgangen greidde Jotun likevel nettopp det og plutseleg var stillinga 19-14.

– Me er muligens litt betre trent. Det er ikkje snakk om den store forskjellen, men litt det og nokre taktiske grep på slutten som rodde det i land, seier trenar Oli Sveinsson.

Siste kvarteret la Jotun nemleg om til å spele 5-1 i forsvar. Det førte til ei rekkje tekniske feil hos florølaget og nokre enkle mål den andre vegen.

Til slutt vart resultatet komfortable 21-18 og nye to poeng i lomma. Utan at trenaren av den grunn kjem til å setje av kvelden til å studere tabellen på tekst-TV.

– Tanken vår no er å utvikla laget og miljøet, slik at det blir meir stabilt enn før. Resultata får koma på sikt. Men sjølvsagt er det bra at me har fått på smaken på siger og blie og smilande jenter i garderoben, seier Sveinsson.

Til toppen