Lene Kvam Høsøien (t.v. i Jotun-drakt) skal føre Florø SK handball vidare i 3. divisjon. Foto: Arkiv
Lene Kvam Høsøien (t.v. i Jotun-drakt) skal føre Florø SK handball vidare i 3. divisjon. Foto: Arkiv

Jotun vert motstandar

Den tidlegare toppscoraren i Jotun, Lene Kvam Høsøien, er den nye trenaren til Florø SK handball. 

– Eg vart oppringt av styret som lurte på om eg var interessert i å komme opp og sjå på laget. Kvifor ikkje, tenkte eg då, seier Lene Kvam Høsøien til Porten.no. 

Etter å ha tenkt nøye gjennom tilbodet, tok ho avgjersla tidlegare denne veka med oppstart 1. juni.
Handballsesongen til Kvam Høsøien vert difor prega av pendling i tida framover; to til tre dagar i veka skal ho trene laget i Florø. 

Positivt fyrsteinntrykk

Etter det fyrste møtet med laget og støtteapparatet, sit Kvam Høsøien att med ei positiv kjensle. – Det freistar å prøve noko nytt. Eg kjem til å spele på laget i tillegg til å trene det, og det vert artig å bestemme sjølv!

Kvam Høsøien vart ynskja velkomen av Florø-spelarane då ho var oppe fyrste gongen. – Dei håpte at dei såg meg att etter det møtet, fortel ho.

Kjend motstandar

Kvam Høsøien fortel at det vert veldig spesielt å møte Jotun-laget i fyrste kamp. – Jotun kjem til å vere eit stort sakn, det skal eg ikkje leggje skjul på. 

Toppscoraren følte at tida var inne for ei forandring, og då telefonen frå styret i Florø kom, tenkte ho "no, eller aldri". Men ho påpeikar at det er langt i frå enkelt å gå i frå Jotun. – Det er ikkje berre å gje seg, men sånn er det no berre. 

Kva tenkjer du, Olafur Sveinsson, om at Kvam Høsøien no skal byrje å trene Florø-laget?

– Det vert eit sakn, det er klart. Både for meg og Jotun, seier Jotun-trenaren. Han seier vidare at Kvam Høsøien har lang erfaring i både fyrste og andre divisjon, og at ho er særs ambisiøs i dei prosjekta ho held på med. Han meiner at Florø-laget vert ein verdig motstandar med Lene bak rattet. 

– Eg vil ynskje ho lukke til i utfordringa, for det er ikkje berre-berre å trene eit kvinnelag. 

Han legg til at det å vere spelar og det å vere trenar er som to forskjellige planetar. – Ho vil få seg nokre aha-opplevingar i byrjinga, seier han. 

Nettopp rykka opp

Florø-laget har nettopp rykka opp til 3. divisjon, og Kvam Høsøien har klare planar for tida framover. – Det viktigaste no er å heve nivået med gode spelarar slik at vi ikkje vert ståande å stange. 

Basert på dine erfaringar med trenarar, kva slags trenar blir du?

– Det vert nok ein god blanding av Øyvind Indrebø og Ollien (Olafur Sveinsson, journ. mrk).

Til toppen