Sogndal: – Dei fyrste syklistane sykla forbi oss i morgontimane rundt klokka 08.00, seier Martin Berdal.
Han står vakt for Røde Kors Luster ved Berge opp mot Sognefjellet og passar på at alle kjem seg trygt ned dei krappe svingane over fjellet.
Les òg: For dei tøffaste av dei tøffe.
Jotunheimen rundt
– Dei syklar 430 kilometer frå Lærdal, over Filefjell, rundt Jotunheimen, over Sognefjellet og tilbake til Sogndal. Det syklar forbi nye folk støtt og stadig her, her.
Handballspelar og Farmen-kjendis, Frank Løke, skal sykla rittet berre iført ei lita truse med Rudolf på, det sa han til NRK.
– Me har ikkje sett noko til han med Rudolf på trusa endå, kanskje han har fått gnagsår, seier Berdal og ler.
Sognefjellsrittet
I dag går òg Sognefjellsrittet av stabelen.
– Dette løpet byrjar klokka 12.00 og går frå Lom før det endar i Sogndal, fortel Berdal.