SYKKELRITT: Beste tida på sykkelrittet Jotunheimen rundt var i år 12:44:22. Foto: Arkiv
SYKKELRITT: Beste tida på sykkelrittet Jotunheimen rundt var i år 12:44:22. Foto: Arkiv

Jotunheimen rundt på under 13 timar

12:44:22 vart bestetida på årets sykkelritt Jotunheimen rundt. I regn og sludd over fjella, er dette ein sterk prestasjon.

Indre Sogn: Det var Jon Andreas Klokkehaug som vann årets Jotunheimen rundt med tida 12:44:22. Han syklar for CK Victoria.

Han kom i mål 22 minuttar foran Atle Thoresen frå Hasle-Løren og Filip Eidshem frå Bergen CK/Rekkje Roadracing. Dei kom inn på 2 og 3 plass, men fekk notert lik tid ved målgang.

Mental tur

Klokkehaug fortel til landevei.no at det var mykje regn, spesielt opp mot Beitostølen. Det kom også nokon snøbyger, så det vart ein mental tur.

Klokkehaug køyrte frå resten av tetgruppa om lag ei mil før Lom. Han fekk god sekundering frå arrangøren undervegs, og fortel at det var veldig motiverande.

Kjersti Anderaa frå Sandnes SK vann dameklassen med tida 14:53:37.

Sognefjellrittet

Sogn CK gjorde det godt i Sognefjellrittet. Sedrik Ullebø vann herreklassen med tida 3:44:23.

Eirik Kinserdal vart nummer 6 med tida 3:50:43. Han forbetra tida si med nesten 10 minutt frå fjorårets Sognefjellritt.

I dameklassen vart Hilde Asperheim nummer to med tida 4:39:12.

For fullstendig resultatliste kan ein gå inn på live.eqtiming.no

Der kan du finne resultatliste for både Jotunheimen rundt og Sognefjellrittet.

 

 

 

Til toppen