Øvre Årdal: – Dette gjekk akkurat, me kunne ikkje tapa. Og det gjorde me ikkje, seier trenar Frank Roger Eldegard.
Utgangspunktet for kampen mellom Jotun og Førde i 11-arserien for jenter 15-16 år kunne ikkje ha vore meir interessant; siger eller uavgjort før heimelaget på kunstgraset i Øvre Årdal sikra semifinale i krinsmeisterskapen. Tap ville føra til at nettopp Førde stakk av garde med semifinalebilletten.
Øvstetun scora sikkert - så kom kalddusjen
Eldegard fortel kampen utarta seg som venta.
– I første omgang hadde me spelet og grei kontroll. Men me rekna med at Førde ville trygga i ein omgang og så setta inn presset mot slutten. Det gjorde dei også; i 2. omgang la dei sine to kjappaste spelarar i midten framme. Då fekk me litt utfordringar.
Det stod 0-0 til pause, men ti minuttar ut i 2.omgang var det heimelaget som kunne jubla. Etter å ha vorte spela fint gjennom i midten sette Ingrid Øvstetun lêrkula sikkert forbi førdekeeperen.
Men fem minuttar seinare kom kalddusjen i duskregnet på kunstgraset; Førde snappa opp eit laust tilbakespel og utlikna.
Resten av kampen var Førde det førande laget, men stillinga stod seg og semifinaleplassen gjekk i boks; Jotun kom på den viktige fjerdeplassen - á poeng med nettop Førde, men målskilnaden var i årdalsjentene sin favør.
Møter Syril til semifinale
– Å koma blant dei fire beste var målet før sesongen. Så det er artig når det akkurat går, seier Eldegard.
No ventar Syril i semifinale borte komande måndag. Dei har vunne seriespelet suverent, men trenar Eldegard meiner Jotun er i stand til å gje dei kamp.
– Me heldt dei til 0-0 på Leikanger, så eg trur me skal bita frå oss. Det har vore jamt mellom dei beste i serien, så nivået er bra.
Skulle det bli siger mot Syril om ei veke ventar anten Stryn eller Sogndal - som utkjempar den andre semifinaleduellen - i finalen som går over to kampar.