FRAMTIDAS LANDSLAGSPELAR? Leander Øy og Morten Thorsby på talentleir i Porsgrunn.
FRAMTIDAS LANDSLAGSPELAR? Leander Øy og Morten Thorsby på talentleir i Porsgrunn. (Foto: Ole Jørgen Brattland, Equinor)

Jotuntalentet Leander Øy kan bli framtidas landslagsspelar

Framtida sine fotballspelarar er samla i Porsgrunn, eit samarbeid mellom Norges Fotballforbund og Equinor sitt talentprogram Morgendagens Helter.

Årdal/Porsgrunn: Denne veka har fotballtalenta, Leander Øy og Sivert Heggheim Mannsverk, frå Årdal og Sogndal delteke på Equinor sin talentleir i Porsgrunn saman med 140 av Noreg sine mest talentfulle gutespelarar mellom 14 og 16 år. 

Må bevisa at han er god nok 

Det er midt under verdsmeisterskapet i fotball at Leander Øy frå Jotun deltek på Equinor sin talentleir med andre talentfulle fotballspelarar. 

Equinors talentleir utgjer toppen av Norges Fotballforbunds landslagsskole og inngår i talentprogrammet Morgendagens Helter der Equinor støttar talent innan idrett, kultur og utdanning.

Det er her Øy skal bevisa at han ein gong i framtida kan spele med flagget på brystet.

– Talentleiren har vore lærerik så langt. Det å få trena med mange av dei beste i landet gjer meg ekstra motivasjon og eg har fått mange gode tips, seier Leander Øy. 

Fekk råd av Heerenveen-proff

Fotballtalentet frå Jotun fekk møta Morten Thorsby som nettopp har lagt bak seg ein imponerende sesong i Heerenveen saman med utlånte Martin Ødegaard. Thorsby deltok sjølv på talentleiren då han var yngre og er imponert over nivået.

– Eg hugsar sjølv kor spanande det var å delta på Equinors talentleir. Som deltaker får du målt deg mot dei beste og samstundes får du læra kva som skal til for å ta steget opp til A-landslaget i framtida. Leander har nivået inne og viss han beheld gløden, innsatsen og læringsviljen kan han lukkast, sier Thorsby, som er mentor for Equinor Morgendagens Helter.

Morgondagens landslagsspelarar

På leiren deltek 140 fotballspelarar frå G15- og G16-landslaga, i tillegg til to skyggelandslag og to grupper av spillere som er født i fyrste og andre halvdel av 2004. Talentleiren har som mål å driva systematisk talentutvikling for å danna grunnlaget for Noreg sitt framtidige A-landslag.

– Talentleirane skal gje spelarane inspirasjon dei kan ta med seg tilbake i treningskvardagen. Forhåpentlegvis vil fleire av desse guttane gje oss stolte norske augonblink på den internasjonale scena i åra som kjem, seier fagansvarleg for spelarutvikling i NFF, Håkon Grøttland.

Følgande spelarar frå Sogn og Fjordane deltek på Equinor sin talentleir 2018: 

  • Noah Solheim. Klubb: Dale 
  • Lucas Flåten Lindbæk. Klubb: Benalmadena
  • Anders Ulvik Fleten. Klubb: Dale
  • Leander Nikolai Jakobsen Høyvik. Klubb: Florø
  • Kristian Bell. Klubb: Førde
  • Edvin Brattreit. Klubb: Førde
  • Leander Øy. Klubb: Jotun
  • Erik Flataker. Klubb: Skavøypoll
  • Sivert Heggheim Mannsverk. Klubb: Sogndal
  • Håvard Hetle. Klubb: Sandane
Til toppen