FÅR HALDE FRAM: Nye lokale og nytt namn; i midten av januar flyttar Gymloftet DA. Tom Stian Nundal (f.v) og Kjell Olav Bjørkum, eig og driv treningsstudioet på Lærdalsøyri. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen 
FÅR HALDE FRAM: Nye lokale og nytt namn; i midten av januar flyttar Gymloftet DA. Tom Stian Nundal (f.v) og Kjell Olav Bjørkum, eig og driv treningsstudioet på Lærdalsøyri. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen 

Jubel for Gymloftet – flyttar no til nye lokale

Men då treningsstudioet ikkje lenger skal vera på loftet, er det behov for nytt namn.

Lærdal: Torsdag ettermiddag gjekk formannskapet inn for tilrådinga frå rådmann og Lærdal næringsutvikling, om å gi Gymloftet DA inntil 250.000 kroner i støtte, for å dekka kostnadar for tilrettelegging og innflytting i nye lokale. 

– Me er nøgde, dette er gode greier. Det har vore mykje styr om kva me skulle gjera. Og me hadde ikkje kunna fortsette med treningsstudioet, om me ikkje hadde fått denne støtta, det hadde vorte for dyrt, seier Kjell Olav Bjørkum, som driv og eig Gymloftet DA i lag med Tom Stian Nundal. 

Midten av januar

 

Bjørkum trur nyhenda no blir godt motteken av brukarane. Men dei rekk ikkje flytte inn i dei nye lokala i første etasje, ved sidan av Indre Sogn Sparebank, no før jul. 

– Me tek sikte på å stenge ei veke midt i januar, slik at me får unna det meste, som snikkararbeid og det elektriske. Det er målet. 

Må ha nytt namn

Bjørkum legg til at det no blir endring av namnet på treningsstudioet. 

– Me kan ikkje heite Gymloftet, og samstundes ligge i første etasje. Så me må nok ta ein runde på å finne eit nytt namn, seier han lurt. 

Til toppen