PUR GLEDE: Leiv Myklemyr og Odd Arne Guttulsrød i soknerådet i munter samtale med politikarane Erling Offerdal (Sp) og Hilmar Høl (Ap) etter formannsskapsmøtet tysdag.
PUR GLEDE: Leiv Myklemyr og Odd Arne Guttulsrød i soknerådet i munter samtale med politikarane Erling Offerdal (Sp) og Hilmar Høl (Ap) etter formannsskapsmøtet tysdag. ( Snorre Sandemose)

Jubel i gangen etter at politikarane gav tommelen opp til ny heis i bedehuset

Heisen stod i fare for å bli ofra til fordel for utkikkspunkt i Vettismorki og teknologipark i Øvre Årdal, men no har den politiske vinden snudd.

Årdal: Gleda var stor då det vart klart at formannskapet går inn for å støtta ny heis i bedehuset på Årdalstangen med 2,5 millionar kroner.

– Då har du ikkje lov å vera gretten, seier Leiv Myklemyr, som smilte om kapp med dei andre medlemmene frå soknerådet etter møtet.

Dei hadde opprinneleg bedt om tre millionar, altså ein halv million meir, men det var ingen sure miner å spora av den grunn.

TRANGT OM PLASSEN: Denne trappa i bedehuset er ikkje spesielt godt tilpassa rørslehemma. Med finansieringa nesten i boks ser det lyst ut med tanke på å få ho supplert av ein heis.
TRANGT OM PLASSEN: Denne trappa i bedehuset er ikkje spesielt godt tilpassa rørslehemma. Med finansieringa nesten i boks ser det lyst ut med tanke på å få ho supplert av ein heis. Bilde: Snorre Sandemose

– For to og ein halv får me gjort veldig mykje, seier Odd Arne Guttulsrød, medlem i soknerådet og med i prosjektgruppa som har jobba i fleire år for å få på plass den nye heisen.

Dei har allereie samla inn ein god del pengar sjølve, mellom anna går alle inntekter frå basarar og slikt til heisprosjektet. No vil dei sjå kor mykje meir dei kan greia å få inn, før dei bestemmer seg for kva løysing dei skal gå for.

Men først må dei håpa at politikarane i kommunestyret kjem til same konklusjon som kollegaane i formannskapet. Det blir klart 21. desember, når budsjettet for neste år skal vedtakast.

– Det blir avgjerande. Går dei for dette forslaget, då startar me, seier Guttulsrød.

 

 

 

 

 

Til toppen