GLADE VINNARAR: Vinnarane av finalen i grendacupen vart Dalavegen City. Her har dei nettopp fått pokalen av sogndaltrenar Eirik Bakke og poserer villige for fotografane.
GLADE VINNARAR: Vinnarane av finalen i grendacupen vart Dalavegen City. Her har dei nettopp fått pokalen av sogndaltrenar Eirik Bakke og poserer villige for fotografane.

Jubel og tårer på Grendacupen

Romjula er for mange synonymt med mykje fotballmoro. I Sogndal var det duka for ultralokalt oppgjer i finalen, då grendalaga møttest til dyst.

Sogndal: Grendacupen i Sogndal vart til slutt eit oppgjer mellom Dalavegen United og Dalavegen City, der sistnemnde til slutt trakk det lengste strået med ein 2-1 siger.

– ​Det var veldig gøy og eg synst vi fekk tøff motstand heile vegen, seier Brage Eikevik-Rue på vinnarlaget.

Lagkamerat Erlend Loftesnes bur eigentleg på Kaupanger, men tilfeldigheiter gjorde at han hamna på laget som til slutt vann.

– Eg var for sein til å melde meg på. Då hamna eg på lag med dei, seier han.

Les også: Den tradisjonsrike fotballturneringa i Lærdal

BERRE NESTEN: Sølv var meir enn dei hadde håpa på på førehand, likevel måtte spelerane på Dalavegen City tvinge fram smilet etter finaletapet i grendacupen.
BERRE NESTEN: Sølv var meir enn dei hadde håpa på på førehand, likevel måtte spelerane på Dalavegen City tvinge fram smilet etter finaletapet i grendacupen.

Tok leiinga, men tapte

Kasper Skålid spelte på laget som tok sølvet, Dalavegen City. Før turneringa hadde han aldri trudd dei skulle ta seg heilt til finalen. Likevel var han så skuffa rett etter tapet at han så vidt orka å ta imot pokalen.

Mykje fordi dei ikkje greidde å halde på leiinga dei fekk.

– Vi følte vi var heldige og redda på streken mange gongar. Då tenkte vi at «dette tek vi». Men det vart ikkje slik, seier han.

Hardt arbeid sikra sigeren

Henrik Kongelf vart av lagkameratane trekt fram som tunga på vektskåla i finalen. Sjølv tykkjer han det gjekk bra, men trekkjer heller fram lagmoralen.

– Det vart ein spanande finale. Vi låg under, men klarte å hente oss inn att igjen. Vi jobba steinhardt og ville vinne, seier han.

På grendacupen er det ingen trenarar som fortel kva dei skal gjere, taktikken styrer ungane sjølve. Difor smakte det ekstra godt at lagmaskineriet fungerte, sjølv om Kongelf ikkje kunne ta æra for akkurat det.

– Det er den største på laget som er kaptein og bestemmer.

– Kven er det då?

– Det var ikkje meg i dag, seier Kongelf.

Til toppen