JUBELEN STILNA: Mål frå Eirik Schulze og Per-Magnus Steiring var ikkje nok til å senke Brann. 
JUBELEN STILNA: Mål frå Eirik Schulze og Per-Magnus Steiring var ikkje nok til å senke Brann. 

Jubelen stilna då Sogndal rota vekk tomålsleiing

Sogndal hadde erkerivalen i kne, men rota vekk tre viktige poeng i eit fyrverkeri av ein andreomgang. Sjå høgdepunkta frå kampen.

Sogndal-Brann: 2-3

Lenge gjekk alt vegen for Sogndal, men Brann kom grusomt tilbake. Tre gongar. For midtbaneterrieren Eirik Schulze var det vanskeleg å glede seg over sitt andre mål på to kampar.

– Mål betyr ingenting når vi taper. Det var gøy der og då, men no er det gløymt, seier han i pressesona etter kampen.

Les også: Eit fullsett stadion heidra Sead før kampen

Nok ein stoppar ut

Trenar Eirik Bakke måtte frustrert konstantere at nok ein stoppar måtte forlate bana med skade.

– Det gjekk på stumpane før kampen og så får me Kjetil (Wæhler journ. anm.) ut der òg. Det er vendepunktet i kampen, seier han.

Han skulle gjerne hatt begge nysigneringane i luftrommet då eidaren Azar Karadas blei kasta innpå for Brann halvtimen før slutt.

– Då blir det ein del situasjonar i boksen som avgjer kampen, seier Bakke.

Det einaste positive får vere at det truleg ikkje vil gå lenge før vi ser stopparbautaen på plass att i midtforsvaret.

– Det er ein støtskade, så vi får berre stable han på beina til neste kamp, seier Bakke.

Stille før stormen

Første omgang var prega av eit forsiktig Sogndal og eit balltrillande Brann. Gilbert Koomson var ein av få spelarane som greidde å skape kaos på motstandaren sin halvdel, men det var ein av slitarane som skulle sette fyr på heimepublikummet.

Ellers så solide Piotr Leciejewski måtte gje retur på eit skot frå Kjemhus og Eirik Schulze kunne trumfe ballen i mål. Så mykje meir skjedde det ikkje i omgangen. Brann hadde ballen mest, men greidde ikkje å skape det heilt store.

Andre omgang starta med det som må vere kandidat til tidenes bom på Fosshaugane av Kristoffer Barmen. Midtbanespelaren fekk ta ned ballen åleine og skyte frå fem meter, men på forunderleg vis dundra han den opp på tribuna.

Eksplosjon i andreomgang

Tolv minutt ut i omgangen fekk Jakob Orlov vende i feltet etter ein stygg feilpasning frå innbytar Espen Næss Lund. Som mot Molde sist henta Dyngeland fram tigerrefleksane og fekk fista skotet til hjørnespark.

Eit kvarter var spelt då Eirik Birkelund dribla seg inn i feltet, men ein sklitackling i siste liten hindra han i å få avgarde den avgjerande pasninga. Det gjorde ingenting, for på det påfølgande hjørnesparket viste Per-Magnus Steiring at han kan meir enn å bruke pannebrasken. Etter eit blokkert skot frå stopparkollega Espen Næss Lund, finta han seg fri og banka ballen i mål til 2-0.

Publikum hadde knapt sett seg då Kristoffer Barmen sørga for ny spaning i kampen. Slett forsvarsspel gjorde at midtbanespelaren heller upressa fekk prikke inn reduseringa.

Etter det forrykande første kvarteret av andreomgang roa kampen seg ein del. Difor var det ein gedigen kalddusj då Peter Orry Larsen fekk kriga inn utlikninga knappe ti munutt før slutt etter eit hjørnespark. Verre skulle det bli. Med sju minutt igjen å spele fekk Fredrik Haugen lade kanona frå 25 meter. Ingen gjekk i press og skotet suste inn nede til høgre for Mathias Dyngeland.

Sogndal kasta fram stoppar Espen Næss Lund i angrep, men var i realiteten aldri nær ei utlikning. Dermed kom heimelaget ned att på jorda etter to strake sigrar. 

– Vi er ekstremt skuffa. Vi skal ikkje rote vekk ei 2-0 leiing på heimebane med ein halvtime igjen. Det gjer vondt no, seier målscorar Schulze.

 

Til toppen