JUBEL: Preben Strypet har nettopp sendt Årdal opp i ei 2-0 leiing med pannebrasken. Kampen enda til slutt 3-3.
JUBEL: Preben Strypet har nettopp sendt Årdal opp i ei 2-0 leiing med pannebrasken. Kampen enda til slutt 3-3.

Jubelen stilna fem minutt på overtid

Årdal FK såg ut til å ha alle tre poenga i lomma. Men fem minutt på overtid utlikna bortelaget med det siste sparket på ballen.

Årdal FK - Funnefoss/Vormsund: 3-3

BETENKT: Trenar Ivan Øy måtte nok ein gong konstantere at sigeren glapp på overtid.
BETENKT: Trenar Ivan Øy måtte nok ein gong konstantere at sigeren glapp på overtid.

Årdal: Nok ein gong glapp Årdal sigeren i sluttminutta. Spydspiss Preben Strypet var ein skuffa mann etter kampen. 

– Det er tungt akkurat no. Denne kampen burde me ha vunne, seier han.

Trenar Ivan Øy var ikkje akkurat i perlehumør han heller. 

– Det er surt at spelarane ikkje får betre betalt for innsatsen. Det er unødvendige amatørfeil me blir straffa for. Samstundes har me så mange sjansar at me bør avgjera det lenge før me slepp dei til, seier han.   

Effektive Årdal med kanonstart 

Publikum hadde knapt rokke å finne plassane før det første målet var eit faktum. Truls Hovland fekk skyte fritt rett utanfor boksen og keeperen hadde ingen sjanse.

Etter dette tok bortelaget fullstendig over spelet, men utan å komme til dei heilt store sjansane. Det vesle som kom greidde keeper Sivert Larsson å rydde unna.

Årdal på si side greidde knapt å komme seg over midtstreken. Men kva gjer vel det når effektiviteten er i orden? Halvtimen var tre minuttar gamal då Preben Strypet fekk pannebrasken på eit godt innlegg frå Brett Fellows. Heimelaget sin andre sjanse vart til mål nummer to.

Etter dette jamna kampen seg noko meir ut. Sjansane var det framleis Årdal som stod for. Fem minutt før pause var Truls Hovland like ved å auke til 3-0 med eit farleg skot mot krysset.

FØLGDE SONEN: Far Jason Fellows hadde for første gong teke turen frå Birmingham til Årdal for å følgje sonen Brett. – Han har alltid pusha meg til å prestere. Det var godt å ha han på tribunen, seier Brett Fellows etter kampen. 
FØLGDE SONEN: Far Jason Fellows hadde for første gong teke turen frå Birmingham til Årdal for å følgje sonen Brett. – Han har alltid pusha meg til å prestere. Det var godt å ha han på tribunen, seier Brett Fellows etter kampen. 

Satsa på kontringar

Starten på andre omgang vart ein omvendt reprise av den første. Sivert Falck-Ytter Dæhli, forøvrig son til ikkje ukjente Bjørn Dæhli, reduserte til 1-2 då drøye minuttet var spelt.

Etter 52 minutt var bortelaget nære ved å redusere etter ein gedigen dobbelsjanse. Like etter viste Årdal korleis det skal gjerast. Eit innoverskrudd frispark hamna hos Endre Kauppi som ekspederte ballen i mål. Ei flott scoring og den påfølgande dansen var ikkje verst den heller.

Funnefoss/Vormsund var farleg frampå med ei heading i det 66. minutt, men ballen small i tverrliggaren. No var bortelaget i ferd med å bli desperate og alle mann vart kasta i angrep. Det opna for fleire gode kontringar som Årdal ikkje greidde å utnytte. 

Høgdramatisk avslutning

I det 72. minutt fekk bortelaget reduseringa dei hadde venta på. Igjen viste Dæhli at han har genane i orden: 2-3 og ny spaning i kampen. 

STORE SJANSAR: Truls Hovland var ein av dei som fekk store rom då bortelaget satsa alt i angrep på slutten av kampen. Men det vart med den eine skåringa.
STORE SJANSAR: Truls Hovland var ein av dei som fekk store rom då bortelaget satsa alt i angrep på slutten av kampen. Men det vart med den eine skåringa.

Årdal heldt fram med å kontre. Drøye ti minutt før slutt vart Truls Hovland hindra på veg åleine gjennom. Resultatet vart eit noko billeg raudt kort og enno meir rom for kontringsivrige årdøler. Dei neste minutta hadde både Strypet og Hovland enorme sjansar til å punktere kampen, men utan å lukkast.

Då går det som det ofte går. Fem minutt på overtid kom utlikninga då Kim Brenna fekk breiside ballen i mål åleine med keeper.

Sjølv om mange på tribuna reagerte sterkt på at det var lagt til så mykje, meiner Preben Strypet at dei ikkje har nokon å skulde på.

– Det var eit raudt kort og kanskje fem byter, så eg trur det var greit. Me kan ikkje klandra dommaren, seier han.

Til toppen