REINT BORD: Norman Henning Fimreite (til venstre) fekk Kjosenprisen, Øystein Lindesteg Rinde vart årets trenar, Trine Lerum Hjellhaug vart årets leiar på kretstinget laurdag.
REINT BORD: Norman Henning Fimreite (til venstre) fekk Kjosenprisen, Øystein Lindesteg Rinde vart årets trenar, Trine Lerum Hjellhaug vart årets leiar på kretstinget laurdag.

Jubelsesongen vart krona med prisdryss på kretstinget

Ikkje nok med at dei sikra gull og opprykk til 1. divisjon. På kretstinget i går stakk Kaupanger av med alle dei gjævaste prisane. 

Kaupanger: Øystein Lindesteg Rinde vart årets trenar i Sogn og Fjordane, Trine Lerum Hjellhaug vart årets leiar og Norman Henning Fimreite fekk Kjosenprisen. 

– Det var ei fin og god oppleving og me er stolte over det arbeidet me har lagt ned. Det lønner seg, både når du skal du oppnå resultat på bana og på kretstinget, seier trenar Øystein Lindesteg Rinde.

I fjor rauk opprykket på målstreken. I år var det aldri tvil, i allefall ikkje i kvaliken, då det heile skulle avgjerast. Der vart det 4-0 mot Hønefoss borte og 2-0 mot Tromsdalen i den avgjerande kampen på heimebane. Difor hadde trenaren ei god kjensle før utdelinga.

– Med fare for å verka «cocky», heilt uventa var det ikkje, seier han.

I tur og orden måtte dei alle fram og motta applaus frå salen i kretstinget: Lindesteg Rinde, Lerum Hjellhaug og Fimreite. Trenaren er stolt over å kunne dela heideren med dei to andre prisvinnarane frå klubben.

– Trine er ein stødig og god leiar. Ho har fått klubben til å utvikla seg i rett retning og skal ha mykje av æra for at me no er sertifiserte som kvalitetsklubb. Norman er ein fantastisk person som står på og gjer mykje arbeid for klubben, både seint og tidleg. Eg er stolt over å jobba med begge to, seier Lindesteg Rinde.

Sjå ein overrumpla Norman Henning Fimreite bli kåra til vinnar av årets Kjosenpris på fylkestinget:

 

Til toppen