JUBILEUM: I helga er det klart for den 25. Kjeringi Open i rekka. Tysdag stakk arrangøren løypa i nydeleg vårvêr. Foto: Privat.
JUBILEUM: I helga er det klart for den 25. Kjeringi Open i rekka. Tysdag stakk arrangøren løypa i nydeleg vårvêr. Foto: Privat.

Jubileum for Kjeringi Open

Denne helga går den lengstlevande multisport-konkurransen i fylket av stabelen for 25. gong.

Leikanger: Kjeringi Open har frå første dag handla om å ta i bruk det Leikanger har av naturgjevne forhold i nærområdet. Telemarksving og skileik danna starten på eventyret som såg dagens lys i 1993.

I dag, 25 år etter, lever konkurransen i beste velgåande, der både noverande og tidlegare innbyggjarar i Sogn tek turen til Leikanger for å delta på det som vert omtalt som «verdas største fjellcross». 

– Fram til i dag kjempar me litt med vêrgudane for å gjera førsteetappen klar til verdas største fjellcross på laurdag med opp mot 200 deltakarar på fellesstarten. I tillegg er meldt på mellom 60 og 70 lag som er klare til innsats, fortel Roar Werner Vangsner, som sit i styret i Kjeringi Open.

– Men løypa vart stukke ut på tysdag og no gjeld det å få køyrt opp løypa og setja på portflagg.

Folkefest på Leikanger

Det er duka for folkefest i Leikanger denne helga. I tillegg til mange påmelde, plar det vere rundt tusen menneske i målområdet, der det er aktivitetar for ungar og salsbodar og underhaldning. I tillegg skal Sogn fjordsymjeklubb starte årets badesesong i Sognefjorden.

– Langrennstraseen blir flott i år med gode spor og framleis eit snev av vinter før du møter og «taoao» like over parkeringsplassen på Klepp. Nytt av året er litt meir terrengløp på springeetappen, men innkomst til veksling på sykkel er på same plass ved barneskulen. Sykkelløypa er som vanleg ein flott tur gjennom frukthagar og litt på gangvegen i systrondsbygda, seier Vangsnes.

Årets konkurranse vert opna av Liv Signe Navarsete, og Vangsnes opplyser om at det framleis er mogleg å melde seg på dersom ein tek utfordringa i siste liten.

Til toppen