KLARE: Mathias Hansen, Terje Svori og Hugin Musikkforum er klare for Påskerock. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
KLARE: Mathias Hansen, Terje Svori og Hugin Musikkforum er klare for Påskerock. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Jubileum for påskerockarar

I år er det 20. gongen at Påskerock vert arrangert – og det i heilt nye lokale.

For 20. gong inviterer Hugin Muiskkforum til Påskerock i Årdal, der lokale eldsjeler og musikarar bidreg til det som er ein stor dugnad for det uorganiserte musikklivet i Årdal. 

Sju lokale band står på scena i splitter nye Bakeriet onsdag og torsdag i påskeferien. 

– Det blir ei blanding av nye prosjekt med urframføring, gamle band med reunion og oppegåande årdalsband som System of Six, Raaskinn og Nuisance. Det er 20 år sidan sistnemnde gav ut albummet «Eye», så det er artig å ha dei tilbake på scena under Påskerock, seier leiar i Hugin Musikkforum, Terje Svori, til Porten.no.

Mykje dugnadsarbeid

Mini-festivalen har gjennom mange år bygd opp eit godt rykte, der lokale band får moglegheita til å vise seg fram og publikum kan nytta høvet til å treffa gamle kjende. Det ligg mykje dugnadsarbeid bak dette. 

– Det er mykje arbeid. Alle musikarar som er med, er med på ein form for dugnad for Hugin, seier Thomas Norheim Moen.

– Påskerock er dugnaden til Hugin-medlemma. Det er det som har bygd Hugin-huset, og overskotet går til drift av foreninga. Utan Påskerock, ingen Hugin, legg Svori til. 

Glad for ny scene å stå på

Og så skal ein sjølvsagt ikkje gløyme alle timane musikarane legg ned for å sy saman eit nytt og spennande repertoar. Desse får no ei ny scene å stå på, noko dei naturlegvis gledar seg til. Konsertlokalet Bakeriet får nemleg sin dåp under Påskerocken.

– Potensialet er stort. Det er plass til 436 publikummarar. Det vil seia at me kan den norske artisten me ønskjer på den scena der, kort sagt. Forhåpentlegvis vil Kurt Nilsen legga turane sine til Årdal framover, i staden for berre å hoppa over, seier Moen.

– Det er ei scena me har sakna etter at Stova forsvann, ein plass å spela på. Det trur eg kjem til å bli det beste med det at me får ei scena å spela på, som er for musikarar og ikkje publikum, at det er musikarane som er i fokus, fortel Frank-Runar Øren. 

Positivt for musikkmiljøet

Dei trur alle at Bakeriet også kan bidra til at fleire byrjar med musikk i eit allereie godt musikkmiljø i Årdal.

– Det var vel ein grunn til at så mange byrja med musikk den gangen de byrja med det, seier Moen og ser på Svori, som nikkar.

– Og det kan ein takka Stova for, skyt Joacim Styve inn. 

– Det hadde ikkje noko å seia om du var 16 år. Spelte du trommer, fekk du lov å spela der, men du fekk ikkje drikka øl då. Dei slapp oss inn. Det var dei som gav Trond Øyre startmoglegheiter. Der fekk han øva seg, så mykje ros til dei.

Som nemnt, er det sju band som får prøva bygdas nye scene desse to dagane. Dette er Raaskinn, Funk n' Blues, GARD 15, Nilch Nada Nothing, System of Six, STUV og Nuisance.

Til toppen