KJENDISKOKK: Steinar Lindstrøm serverer brunsj til svoltne årdøler på Coop Extra. Foto: Sunniva K. Øvstetun
KJENDISKOKK: Steinar Lindstrøm serverer brunsj til svoltne årdøler på Coop Extra. Foto: Sunniva K. Øvstetun

Jubileumsbrunsj med kjendiskokk

Denne helga er det eitt år sidan Årdalsenteret opna.

Laurdag føremiddag var alle velkomne til gratis brunsj på Coop Extra. Her kunne ein forsyne seg av alt frå røykelaks til sjokolademjølk, ganske enkelt alt som høyrer med til ein god brunsj. På motsett side av brunsjbordet sto kjendiskokken Lindstrøm og serverte svoltne årdøler det dei måtte ynskje.

Kjekt med arrangement
Nokre av årdølene som tok turen til Årdalsentert i dag var Anders Midtun, Astrid Aaland og Vidar Holen, og alle tre var samde om at dette var flott gjort av Coop Extra.

KOSAR SEG: Anders Midtun, Astrid Aaland og Vidar Holen tykkjer det er kjekt at noko skjer i bygda.
KOSAR SEG: Anders Midtun, Astrid Aaland og Vidar Holen tykkjer det er kjekt at noko skjer i bygda.

– Det er veldig kjekt at noko skjer i bygda, og at årdølene vaknar til liv og kjem seg ut av godstolen. I ei så flott bygd som dette har me nok å by på, alt som skal til er at nokon bestemmer seg for å få noko til å skje, seier Holen til porten.no

– Mange har vore her i dag, og det tykkjer eg er kjempekjekt, fortel Midtun.

– Det er flott at så mange møter opp!

Kjekke årdøler
Steinar Lindstrøm, som mellom anna medlem av Kokkenes Mesterlaug, seier til Porten.no at han tykkjer det er særs hyggeleg å tilbringe laurdagen i Årdal.

KJENDISKOKK: Steinar Lindstrøm.
KJENDISKOKK: Steinar Lindstrøm.

– Det er veldig kjekt å vere her, og me eg har vorte veldig godt mottatt. Bygdefolket er svært hyggelege og smilande, og mange stoggar for å slå av ein prat.

Flott tiltak
Lindstrøm tykkjer det er flott at Coop Extra gjer ein innsats for å yte det vesle ekstra for kundane sine.

– Eg tykkjer dette er eit kjempeflott tiltak for å gjere litt stas på kundane. Eg merkar at dette er nokon kundane og ser pris på, for dei smiler breitt alle saman.

– Men det hadde vore hyggelegare her utan Ronny, ler Lindstrøm, medan han grip eit fast tak rundt driftssjefen for Coop Vest, Ronny Sørbotten.

Positiv vekst
Sørbotten fortel at Coop Extra er Noregs raskast voksende daglegvarekjede, og at målet i år er å ha 200 butikka oppe og gå. Coop Extra fokuserer på godt utval og låge prisar, noko som gjenspeglar seg i salstala.

– No har Coop Extra vore i Årdal i eitt år, og me kan med sikkerheit seie at det har vore suksess. Me sel i dag 30% fleire varer samanlikna med det Coop Mega gjorde tidlegare, og det er me sjølvsagt glade for.

Artikkelen held fram under biletet

DRIFTSSJEF I COOP VEST: Ronny Sørbotten sto klar med kaffi til alle som ville ha.
DRIFTSSJEF I COOP VEST: Ronny Sørbotten sto klar med kaffi til alle som ville ha.

Nøgd dritfssjef
Sørbotten er ikkje berre nøgd med tala for Coop Extra, men og den flotte jubileumsmarkeringa. Han tykkjer det er heilt fantastisk at så mange la turen til Årdalsentert laurdag føremiddag.

– Eg har møtt ufattelig mange hyggelege mennesker her, og tykkjer det er flott å sjå så mange nøgde kundar. Menneska her glødar og er veldig pratsomme, noko som eg tykkjer er kjempekjekt.

Til toppen