EVENTYRSTUND: Prinsesse Trine fortalde eventyr til lydhøyre born. Foto: Sunniva K. Øvstetun
EVENTYRSTUND: Prinsesse Trine fortalde eventyr til lydhøyre born. Foto: Sunniva K. Øvstetun

Jubileumsfeiring for dei minste

I høve eittårsjubileet til Årdalsenteret inviterte prinsesse Trine til eventyrstund.

Mange store og små tok laurdag føremiddag turen til UTLA Kafe og Bar, der prinsesse Trine sto klar med eventyrbøker. Med puter på golva og flotte fruktfat, låg alt til rette for ei koseleg eventyrstund. Om lag 25 lydhøyre born sat spente rundt prinsessa då det vart lest frå både Ole Brum og Nemo.

Fire år gamle Ida Moen Skakstad hadde høyrt historia om Ole Brum før, men tykte likevell eventyrstunda var moro.
- Dette var gøy, og me fekk masse god frukt. Eg tykte det var spennande å høyre forteljinga om Bukkene Bruse på badeland, prinsesse Trine var flink å fortelje.


Ein stad for heile familien
Prinsesse Trine, betre kjend som Trine Marie Johansen, seier til porten.no at ho tykte det var kjempekjekt å kle seg opp i prinsesseklede og fortelje eventyr til borna.

Artikkelen held fram under biletet

LYTTAR GODT: Borna fulgte godt med då prinsesse Trine fortalde historiar.
LYTTAR GODT: Borna fulgte godt med då prinsesse Trine fortalde historiar.


- Dette var jo veldig moro! Det å trekkje seg unna til eit stille rom og underhalde borna var ein fin måte å gjere det på, og det verka som om borna likte det godt dei og. Me las eventyr, prata og åt frukt, det var rett og slett veldig koselig, seier Johansen.

- UTLA Kafe og Bar ynskte å bidra til jubileumsmarkeringa, og eg tykkjer dette var ein kjempefin måte å gjere det på. Me ynskte og å vise vise at UTLA Kafe og Bar er ein stad for heile familien. Difor arrangerte me eventyrstund for dei minste, familiemiddag på ettermiddagen og fest utover natta. På den måten fekk me dekkja heile familien og synt at me har eit tilbod for alle.

Teiknekonkurranse
Gjennom helga har det og vore ein pågåande teiknekonkurranse for barna. Den har vorte arrangert i regi av Årdalsenteret, og i andre etasje på senteret har borna hatt moglegheit til å teikne fine teikningar og vere med i trekninga av gåverkort på Nille. På grunn av stor pågang ved teiknebordet har trekninga vorte utsett til måndag sånn at alle borna får vere med.

POPULÆR TEIKNEKONKURRANSE: Pågangen rundt teiknekonkurransen var så stor at trekninga vert ut utsett til måndag.
POPULÆR TEIKNEKONKURRANSE: Pågangen rundt teiknekonkurransen var så stor at trekninga vert ut utsett til måndag.
Til toppen