JUBILANT: Årdalshallen fyller 40 år, og den samanheng er det opplegg laurdag. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
JUBILANT: Årdalshallen fyller 40 år, og den samanheng er det opplegg laurdag. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Jubileumsfeiring i Årdalshallen

Laurdag 1.november fyller Årdalshallen 40 år, og IL Jotun inviterer alle i bygda til ein hyggeleg aktivitetsdag i hallen. 

Leiar av Il Jotun si symjegruppe Ingeborg Hjelle seier til Porten.no at dette er eit stort arrangement, og at idrettslaget vonar så mange som mogleg tek turen.

– Kommunen hadde diverre ikkje økonomi til å lage eit arrangement rundt jubileumet og spurde difor om Jotun Idrettslag kunne stelle i stand noko. Dette sa me sjølvsagt ja til. 

Variert program 

Innanfor IL Jotun er det mange ulike grupper med tilknyting til hallen, og desse har i år gått saman og laga eit program for jubileumsfeiringa.

Det felles samarbeidsprosjektet resulterte i eit innhaldsrikt program med noko som passar for alle. Det vil mellom anna verte arrangert ein symjestafett, der til dømes Norsun og Årdalssenteret har meldt på kvar sine lag.

I denne stafetten vil ein òg kunne sjå dei politiske parti delta. Porten.no har fått opplyst at både Arbeiderpartiet og Senterpartiet har meldt på kvar sine lag.

– Me vonar at bygdefolket tek turen til Årdalshallen denne helga. Målet er å skape ein høgtideleg og morosam dag for både store og små, og alle er hjarteleg velkomne, avsluttar Hjelle.

Programmet for dagen ser du i faktaboksen til høgre eller under om du sit på mobil. Det blir sal av kaker, kaffi, drikkevarer og varmmat.

Til toppen