OPE HUS: Elin Solheim og Årdal Gym inviterer til ope hus heile helga i anledning fireårsfeiringa. Foto: Sunniva K. Øvstetun.
OPE HUS: Elin Solheim og Årdal Gym inviterer til ope hus heile helga i anledning fireårsfeiringa. Foto: Sunniva K. Øvstetun.

Jubileumsfeiring ved Årdal Gym

Måndag har Årdal Gym haldt årdøler i form i heile fire år. Dette vert feira med ope hus denne helga.

  • Endret

– Med ope hus meiner me at alle er velkomne til å trene hjå oss, både dei som er faste medlemmar, og spesielt dei som ikkje har vore her tidlegare, fortel Elin Solheim til Porten.no.

– Dette gjer me for at fleire skal kunne finne ut om Årdal Gym er noko for dei, og me håpar sjølvsagt at mange tek turen no i helga.

Feirer fire år

Det er no fire år sidan dørene til treningssenteret opna for fyste gong, og i helga vert dette markert. Årdal Gym inviterer ikkje-medlemmar til å kome og prøve ut treningssenteret, og ein kan delta på gruppetimar på lik linje med dei som er faste medlem.

NØGDE: Brukarane av treningssenteret er godt nøgde.
NØGDE: Brukarane av treningssenteret er godt nøgde.

Med tre ulike og tilrettelagte gruppetimar kvar dag, og ti ledige plassar for dei som ikkje er medlem, håpar dei på å sjå nokre nye andlet. Treningssenteret har allereie fått påmeldingar frå fleire som ynskjer å nytte seg av tilbodet i helga.

Eit verdsatt tilbod

Trass i namnendring og utskifting av instruktørar, har medlemstalet på Årdal Gym haldt seg stabilt. I dag har senteret kring 550 aktive medlemmar, men nokre naturlege svingingar har det sjølvsagt vore. 

Solheim tykkjer det er kjekt om hausten då pågangen av nye medlemmar er stor. 

– Det går jamt og trutt, og me merkar det spesielt godt på hausten at det tek seg opp litt. Me merkar det spesielt godt i den yngre gruppa, der det ofte kjem nye skuleungdommar. På same måte merkar me det når våren kjem og skuleungdommar gjerne flyttar vekk. 

– Men det held seg jamnt, og det er folk som trenar her kvar dag. Vanlegvis er det flest som trenar i byrjinga av veka, og så dabbar det på ein måte av. Dersom ein ynskjer å trene litt meir åleine, kan det vere lurt å kome mot slutten av veka.

Dørstokk-mila

For nokre er kanskje dørstokk-mila ganske stor, og dette er noko Solheim kan stadfeste. Ho legg til at dei tilsette på treningssenteret gjerne hjelp til dersom ein er usikker og ikkje heilt veit kvar ein skal byrje. 

For mange er det ei ny oppleving å trene på eit treningssenter, og då kan det vere lurt å ty til ein av dei mange gruppetimane. Solheim fortel at mange ofte tyr til desse då det kan kjennast meir trygt å trene saman med andre. 

– Noko av det mange er skeptiske til er jo det å trene blant andre. Ein er kanskje redd for at andre ser på medan ein trenar, at ein føler ein ikkje gjer øvingar rett eller har rett klede. Men sånn er det ikkje her. Det er forståeleg at ein er skeptisk i byrjinga, men det gjeld rett og slett berre å kome i gang.

Noko for ein kvar smak

– Her har me noko for alle, me kan tilby alt frå spinning til yoga, gruppetimar og eigentrening. 

Vidare fortel Solheim at dei yngste som nyttar seg av Årdal Gym er 13 år gamle. Desse må ha følgje av foreldre då aldersgrensa er 16 år for å få nytte seg av treningssenteret på eigahand. Blant desse er spinning timane særs populære, men mange trenar òg på eigahand. 

Også for den eldre garde har Årdal Gym fleire tilbod, og eit av desse er «livskvalitet»-timane. Den eldste som nyttar seg av dette tilbodet er imponerande 85 år. Det er likevel den yngre garde det er mest pågang frå, men Solheim håpar på å sjå folk i alle aldrar på Årdal Gym i helga.

Til toppen