FLOTT FEIRING: Over åtti artistar var på scena då Sogn kulturskule feira ti år med ein jubileumskonsert i Sogndal kulturhus.
FLOTT FEIRING: Over åtti artistar var på scena då Sogn kulturskule feira ti år med ein jubileumskonsert i Sogndal kulturhus.

Jubileumsopptur etter turbulent tid: – Veldig deilig

Sogn kulturskule har vore i hardt vêr den siste tida. Denne veka fekk dei seg ein etterlengta opptur

Sogndal: Sogn kulturskule er nemleg ti år, noko dei på måndag feira med ein jubileumskonsert med åtti artistar på scena.

– Det var ein utruleg allsidig og flott konsert. Eg er faktisk overraska over kvaliteten sjølv, seier rektor Roar Sandnes.

Les også: Sjå bileta frå danseshowet
Les også: Kaffi og kaker i ei kulturell verd

Opptur etter turbulent tid

Kulturskulen har vore under hardt press den siste tida. Politikarane i Luster har trua med å trekkje seg ut av samarbeidet, som i dag òg omfattar kommunane Leikanger og Sogndal.

Difor smakte det ekstra godt med ei skikkeleg feiring av det kulturskulen representerer.

– Det er veldig deilig. Det har vore litt lurveleven i korridorane og nokon politikarar har ikkje vore heilt nøgde med det me leverer. Etter denne konserten fekk me bevist at me i alle fall gjer noko rett. 

Trur på ti nye år

I dag har dei over 300 elevar og underviser i alt frå  fløyte og fele til kor og ballett. Rektoren er overbevist om at aktiviteten dei driv har nytteverdi langt utover det å mestre eit instrument eller ei anna kunsform.

– For barn og unge er det veldig utviklande for heile personlegheita. Det har kun positive sider, seier Sandnes. 

Rektoren trur kulturskulen har ei lys framtid, sjølv om samfunnet er i endring.

– Usikkerheitmomentet har vore om kor vidt Luster trekkjer seg ut eller ikkje. I tillegg kan mykje skje med kommunegrensene dei komande åra. Så mykje kan skje, men Sogn kulturskule vil nok fortsette, og sikkert i ti år til, uansett, seier han.

Til toppen