GLAD KVARTETT: Rita Navarsete (Frp), Trude Risnes (V), Margrete Haug (KrF) og Gunnhild Bøyum (H).
GLAD KVARTETT: Rita Navarsete (Frp), Trude Risnes (V), Margrete Haug (KrF) og Gunnhild Bøyum (H). (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Jublar for lovnader om pengar til Hemsedalsfjellet

Skal betra tryggleiken, vinterregulariteten og sørga for at trafikken kjem raskare fram.

Sogndal: Regjeringa kjem til å løyva ekstra pengar til utbetring av riksvegen over Hemsedalsfjellet i budsjettet for 2020.

– Det var ikkje noko sjokk for oss, men me er veldig glade for det, seier Rita Navarsete (Frp).

– Dette syner at regjeringa har tenkt å prioritera denne vegen, noko som er det viktigaste med desse midlane, seier Gunnhild Bøyum (H).

Kor stor løyvinga blir vil me først få vita når budsjettet blir presentert i oktober.

– Me veit at det er minst 60 millionar til dei nye tiltaka, i tillegg til at det ligg midlar til igangsette tiltak, seier Trude Risnes (V).

Til toppen