JUBLAR: Denne gjengen kan strekka armane sine i vêret etter at nyhenda om at klubbhuset skal attreisast kom. Foto: Akriv.
JUBLAR: Denne gjengen kan strekka armane sine i vêret etter at nyhenda om at klubbhuset skal attreisast kom. Foto: Akriv.

Jublar for nytt klubbhus

Lærdøler får attende klubbhuset på idrettsbanen på Lærdalsøyri.

Tysdag gjorde formannskapet vedtak om å attreise klubbhuset til Lærdal Skytehus sameige og Lærdal Idrettslag etter storbrannen i januar. Det bekreftar rådmann i Lærdal, Alf Olsen jr.

Letta og glad

– Korleis har du det no? 

– Eg er veldig letta og godt nøgd. No gler me oss til å komma i gang att, seier Tom Stian Nundal, leiar for skøytegruppa i Lærdal IL.

Engasjement

– Dette syns eg er eit fornuftg vedtak. Eg er veldig glad politikarane såg at dette er viktig for mange i Lærdal. Det er tydeleg det hjelper å engasjere seg, seier Kristen Olav Grøttebø, leiar for Lærdal Arbeiderparti.

Til toppen