Sogndal: – Det betyr veldig mykje for helsestasjonen at me blir satsa på. Me har ikkje midlar til dette i det ordinære budsjettet, seier Anita Orrestad, tenesteleiar ved helsestasjon og jordmortenesta
Pengane blir delt mellom fire prosjekt som alle varer eitt år. Eitt av dei har namnet Dei utrulege åra og er ein slags treningsleir for småbarnsforeldre. Prosjekt i skulehelsetenesta, jordmortenesta og innan psykiatrien har òg fått støtte.
Les også: Dei vil gjere det enklare å gje blod
Les også: No er det nye helsehuset tatt i bruk
Av dei sju kommunane i fylket som har fått tilskot denne runden, er det Sogndal som har fått mest.
– Det må vere positivt. Vi er ei bygd i vekst og er ein aktiv helsestasjon som har fullført fleire prosjekt før. Det viser at den jobben vi gjer blir lagt merke til, seier Orrestad.