GLAD DUO: Morten Fardal og Magne Selseng frå Kaupanger er glade for at skuleskyssen i kommunen ikkje skal bli dårlegare.
GLAD DUO: Morten Fardal og Magne Selseng frå Kaupanger er glade for at skuleskyssen i kommunen ikkje skal bli dårlegare. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Jublar over at skuleskyssen er berga

Fleire titals skuleungar i Sogndal stod i fare for å mista retten til gratis skuleskyss. Sterkt engasjement frå foreldre og andre overbeviste politikarane om at tilbodet ikkje skal bli dårlegare.

Sogndal: Det vart heit debatt då formannskapet i Sogndal i dag, torsdag, skulle vedta nye reglar for den kommunale skuleskyssen.

Til slutt kom politikarane fram til at dei nye retningslinjene ikkje skal gje eit dårlegare tilbod til dei som har rett på skuleskyss i dag.

– Det var det einaste rette. Det er ungane det er snakk om, seier Morten Fardal, som følgde debatten frå sidelinja.

HEIT DEBATT: Politikarane i Sogndal diskuterer dei nye retningslinjene for skuleskyssen på møtet i formannskapet torsdag.  Foto: Halvor Farsund Storvik

– Oppskrifta på å terga på seg folk

Han bur på Kaupanger og er ein av fleire som har vore uroa for at skuleskyssen til mange elevar i kommunen har vore i fare. Han seier at mellom 20 og 25 ungar på Kaupangerskogen hadde måtta ta beina fatt dersom forslaget til rådmannen vart banka gjennom.

Forslaget frå rådmannen var å innføra nye formlar for kva som kan definerast som farleg skuleveg. Konsekvensen hadde vore at enkelte elevar ville ha mista retten til gratis skuleskyss, medan andre som til no ikkje har hatt denne retten, ville få den. 

– Dette er oppskrifta på å terga på seg folk, sa Arne Glenn Flåten, og fekk med seg dei fleste politikarane på at tilbodet ikkje måtte bli dårlegare enn i dag.

Treng nye retningslinjer

Elevar i 2. til 10. klasse som bur meir enn fire kilometer frå skulen har rett til gratis skuleskyss, noko fylkeskommunen betalar for. For 1. klassingane er grensa 2 kilometer. Elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg har rett til gratis skyss utan omsyn til veglengda. Desse er det kommunen som betalar for. I Sogndal gjeld det i dag rundt 90 elevar.

På møtet sa rådmannen at det var ønskjeleg å oppdatera retningslinjene for skuleskyssen i kommunen før samanslåinga med Leikanger og Balestrand. Dette for å sikra lik handsaming. Han sa at motivet ikkje var at kommunen skal spara pengar.

Politikarane landa på at nye retningslinjer må til, men altså forutsett at dagens tilbod ikkje blir dårlegare. Vedtaket vart teke godt imot blant dei som har engasjert seg.

– Det viser at det hjelper å engasjera seg, seier Magne Selseng, som òg følgte debatten i formannskapet torsdag.

 
Til toppen