JULEBUKKAR PÅ HÆREID: Miriam Hop, Kaja Hove, Noah Hove, Liam Rivedal Andersen og Sander Hop sjarmerte mange då dei gjekk rundt og spreidde julestemning. Foto: Sunniva Øvstetun
JULEBUKKAR PÅ HÆREID: Miriam Hop, Kaja Hove, Noah Hove, Liam Rivedal Andersen og Sander Hop sjarmerte mange då dei gjekk rundt og spreidde julestemning. Foto: Sunniva Øvstetun

Julebukkar skapte julestemning

Tradisjonen med å gå julebukk har eksistert lenge, og på Hæreid på Årdalstangen held borna tradisjonen ved lag.

Barneskoa trippar nervøst utanfor døra, dei kikkar spent på kvarandre og den siste finpussen vert gjort på den raude nisselua.

Døra vert opna og det vert stille nokre sekund. Litt nervøs latter kan høyrast før borna stemmer i for full hals og ein kan høyre songen om nissen på låven over heile nabolaget.

Då songen er over smiler borna tilfreds til kvarandre og ser forhåpningsfult på mannen i døra. Forventningsfulle rekker dei fram posane sine, og med store auge og breie smil spaserer dei til neste hus med litt meir godteri i posane sine.

Teksten held fram under biletet

JULESTEMNING: Med "På låven sitter nissen" for full hals, spreidde julebukkane julestemning på Hæreid.
JULESTEMNING: Med "På låven sitter nissen" for full hals, spreidde julebukkane julestemning på Hæreid.

– Kanskje julebukkane ikkje fekk lov å ete godteri
Før i tida  var ein julebukk rett og slett ein bukk som vart slakta til jul for godt år. Seinare vart omgrepet julebukk nytta om ein person som gjekk omkring med ei bukkemaske og lodden felle på seg.

Verken Kaja Hove eller Liam Rivedal Andersen veit kvifor dei går julebukk eller kva ein julebukk er, men Rivedal Andersen meinte han kanskje visste kvifor.

– Eg trur det er fordi at bukkane likar godteri men ikkje finn det i skogen, og då måtte julebukkane gå rundt til naboane sine for å få godteri.

– Det kan hende julebukkane ikkje fekk lov å ete godteri av foreldra sine, og at dei derfor måtte få frå naboane sine, funderar Kaja Hove.

Fin tradisjon
I dag er det ikkje uvanleg at borna kler seg ut som smånissar i løpet av romjula, ringer på dørene til kjende og kjære og syng julesongar for dei som opnar. 

Miriam Hop, Sander Hop, Kaja Hove, Noah Hove og Liam Andersen Rivedal har gått julebukk på Hæreid i fleire år, og dei er alle samde om at det er ein fin tradisjon. 

– Eg tykkjer det er kjempekjekt å synga, det er nok det kjekkaste. Eg er glad i godteri også sjølvsagt, men det må eg dele med bror min, fortel Miriam Hop.

Forskjellig over heile verda
Medan julebukkane på Hæreid kler seg ut som nissar og syng julesongar, kler borna i Mexico seg ut som eit ektepar og går rundt på besøk frå hus til hus til minne om Maria og Josef som måtte gå frå stad til stad og ikkje fekk herberge i Betlehem.

I Tyskland og Østerrike går borna rundt siste torsdag før jul og lagar så mykje bråk dei berre kan med bjøller, fløyter og trommer. Nokre har på seg uhyggelige masker og flyr etter folk. Dette vert gjort fordi ein i gamle dagar trudde at dei mørke vinternettene var fulle av vonde andar, demonar og troll.

I England kallar dei julebukkane for «wassail»-songarar fordi dei pleier å helse med ordet «wassail», som tyder  «god helse». Dei vert ofte bedt inn i husa og får kaker og varme drikker frå ein wassail - bolle.

 

Til toppen