«Stikk ein tur innom til dei som saknar ein av sine kjæraste i år. Ta vare på kvarandre. Ver observante og lyttande både for dei nærmaste, og også dei de ikkje kjenner så godt», skriv fylkesordførar Jenny Følling. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.
meiningar
«Stikk ein tur innom til dei som saknar ein av sine kjæraste i år. Ta vare på kvarandre. Ver observante og lyttande både for dei nærmaste, og også dei de ikkje kjenner så godt», skriv fylkesordførar Jenny Følling. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.
meiningar

Julehelsing frå fylkesordføraren

Kjære innbyggjarar i det flotte fylket vårt. Vi har no tent det fjerde adventslyset. Det markerer at sjølve julaftan er like om hjørnet. 

Jula er ei fin tid der vi kan vere i lag med dei som betyr aller mest for oss. Vi hentar fram dei gamle tradisjonane både innan songen, fellesskapet og ikkje minst på kjøkkenet. Norsk tradisjonsmat står såleis i sentrum av julefeiringa for mange av oss.

Det vert stadig viktigare for meg kvar råvarene til tradisjonsmaten vår kjem frå, og at vi et rein mat med god kvalitet. Utan eit sterkt norsk landbruk over heile landet og utan fiskeritradisjonane langs kysten, hadde vi ikkje kunne dampa førsteklasses pinnekjøt, steikt svineribbe, laga lutefisk og sildesalat eller kålrotstappe. 

For meg er det avgjerande at vi har ei målretta satsing på distriktslandbruket, med treffsikre verkemiddel som stimulerer til at bøndene kan produsere sunn og trygg mat i heile landet. 

Men landbruksmeldinga legg opp til ei retning som fører til at landbruket på Vestlandet vil kome under press. Det er ikkje bra, og eg håpar vi alle kan engasjere oss ekstra i denne saka for bøndene våre, som bidreg til at vi kan ivareta dei rike mattradisjonane våre både no i jula, men også resten av året. 

Men oppi all julefeiring, hyggje og kos, må vi hugse at det sit einsame menneske, som kanskje opplever tunge tider, også i nabolaget vårt. Ja, til og med i vårt rike land er det menneske som sit åleine og utan råd til ei verdig julefeiring. Oppmodinga mi til oss alle er at vi er litt ekstra merksame, litt ekstra omtenksame og rause i møte med dei som kanskje ikkje har det like godt som oss. 

Stikk ein tur innom til dei som saknar ein av sine kjæraste i år. Ta vare på kvarandre. Ver observante og lyttande både for dei nærmaste, og også dei de ikkje kjenner så godt.

Eg vil takke dykk for året som har gått og ynskje dykk alle ei fredeleg og høgtidsstemt julefeiring. God jul! 

Til toppen