Julekonsert for fullsett kyrkje

Seks kor og musikklag deltok då Farnes kyrkje opna dørene for årets magiske julekonsert. 

Årdal: Allereie då Miniklubben song dei fyrste tonane på søndagens konsert, var stemninga sett. Med lette dirigentbevegelsar losa Marit Røyrvik Eldegard dei lyse stemmene gjennom songane "Vi tenner våre lykter" og "Tenn et lys". 

Sjå også biletegalleri øvst i saka.

Artikkelen held fram under biletet.

ADVENT: Medan publikum song dei tre versa i "No tenner vi det fyrste lys", fekk borna tenne dei tre adventslysa.
ADVENT: Medan publikum song dei tre versa i "No tenner vi det fyrste lys", fekk borna tenne dei tre adventslysa.

I alt deltok seks kor og musikklag denne kvelden med det målet å setje publikum i julestemning. Den målsetjinga klarte dei med glans, og det til ei fullsett kyrkje. 

Kraftige røyster

Farnes skulemusikk spelte tre songar for publikum, og blant anna tverrfløyte, saksofon og klarinettar var representert i deira bidrag til konserten.

Dei velkjente mennene i Farnes Mannskor sparka frå seg med djupe røyster i deira bidrag til julekonserten. Det er vanskeleg å ikkje kome i julestemning når desse kraftfulle stemmene syng "Glade jul". 

Også Årdalskoret, som er eit blandakor, trollbandt publikum med sine songar denne kvelden. 

Etter andakten til Inger Anne Eldegard, rigga Årdal gospelkor seg til, akkompagnert med flygel, gitar, bass og trommer. Her fekk ein høyre vakre solistinnslag og lune stemmer frå damer som veit kva dei driv med. 

Til sist kom Øvre Årdal Janitsjarkorps fram med sine instrumentale julebidrag, som blant anna songane "Have yourself a merry little christmas" og "Himlen i min favn".

 

Julekonsert i Farnes kyrkje #mittporten #årdal

En video publisert av @nettavisaporten

 

 

Til toppen