ADVENTSLYSTENNING: Julekonserten opnar med at borna tenner tre advenslys, her frå tenninga under konserten i Farnes kyrkje i 2015. Arkivfoto: Ingrid Nordbye-Antonsen.
ADVENTSLYSTENNING: Julekonserten opnar med at borna tenner tre advenslys, her frå tenninga under konserten i Farnes kyrkje i 2015. Arkivfoto: Ingrid Nordbye-Antonsen.

Julekonsert med heilt ny vri

Born og ungdom vil prega julekonserten i Årdal kyrkje til helga.

Årdal: – Den tradisjonelle julekonserten i Årdal kyrkje har i år ein helt ny vri. Me har ikkje voksenkoret med, og korpset har ikkje eiga konsertavdeling. Det betyr at me har meir rom for born og ungdom i konserten, seier kantor Freek Ypma i Årdal.

Konserten går av stabelen i Årdal kyrkje laurdag 10. desember klokka 15. Solsikka barnekor, sang- og pianoelever fra Årdal musikk- og kulturskule, og sangelever fra VDV (verkstad drama-vokal) er blant aktørane, og konserten blir avslutta med «På låven sitter nissen» sunge av et eit stort felles barnekor beståande av elevar frå VDV og Solsikka.

Variert program

– Konserten passar perfekt inn i den nye kyrkjereforma som blant anna går ut på at kyrkja vil satsa på å bli meir inkluderande, seier Ypma.

Naturlegvis blir det mange julerelaterte nummer, men også noko ikkje-julerelatert står på repertoaret. Dessutan skal Astrid Bruhaug lesa ei julefortelling. Per Gunnar Søvik står for lys og lyd.

– Elles har me sjølvsagt den tradisjonelle adventslystenninga. Og me syng kjende og kjære julesalmer som «Eg synger Jolekvad», «Fager er den himmel blå» og «Kim, alle klokker» med tonefølgje av Årdalstangen musikklag og kantor på tilhøvesvis orgel eller piano. Det er fri inngang og kollekt ved utgangen, seier Ypma. 

Til toppen