LYSDEKORASJON:  Foto: Ina Eirin Eliassen
LYSDEKORASJON:  Foto: Ina Eirin Eliassen

Julemarknad med europeisk standard

Bygningsdekor og lys som dette har du nok ikkje sett i Norge før. 

Lærdal har Noregs eldste friluftsmarknad. Det er ingen tvil om at arbeidsgruppa bak helgas julemarknad satsar. 

Lyssatsing

250 meter med lys til ein verdi av 100 000 kroner skal opp på fem bygningar, ti veggar og to gateløp på marknadsområdet på gamle Lærdalsøyri.

GAMLE BAKERIET: Gunnleif Haugen (frå venstre) og Bjørn Fodnes heng opp lys langs med mønet og stolpane på bygget.
GAMLE BAKERIET: Gunnleif Haugen (frå venstre) og Bjørn Fodnes heng opp lys langs med mønet og stolpane på bygget.

Uredd lysmeister

Onsdag føremiddag finn Porten.no Odd Helge Brugrand hengane oppe på ein vegg i gamle Lærdalsøyri. Han festar lys med hammar og spiker.

Brugrand er ansvarleg for lyssetjinga i arbeidsgruppa for julemarknaden. Han starta tysdag, har god hjelp av kommuna, og tek sikte på å vera ferdig i god tid før marknaden startar fredag. Han forsikrar om at dekorasjonane er brannsikre og ikkje vil knuse i vinden.

HØGT SKAL DEI HENGA: Odd Helge Brugrand jobber i Lærdal Næringsutvikling, og har ansvar for lysa på julemarknaden i Lærdal.
HØGT SKAL DEI HENGA: Odd Helge Brugrand jobber i Lærdal Næringsutvikling, og har ansvar for lysa på julemarknaden i Lærdal.

– Dette er verkeleg næringsutvikling. Julemarknaden i Lærdal byggjer på historie og lokale tradisjonar. Eg veit at dette blir bra og noko ingen andre har, seier Brugrand. 

Som i europeiske storbyar 

Det vart tidleg bestemt at årets julemarknad skulle vera i europeisk standard. 

Arbeidsgruppa har vore på studietur til Dresden i Tyskland for å sjå lyssetjinga på marknaden der. I tillegg kjenner Brugrand godt til storbyar med lange tradisjonar for julemarknader og lysdekorering som Riga, Vilnius, Praha og Tallinn. 

METER PÅ METER: Odd Helge Brugrand er i god gang med lyssetjinga føre helgas julemarknad i Lærdal.
METER PÅ METER: Odd Helge Brugrand er i god gang med lyssetjinga føre helgas julemarknad i Lærdal.

Dekoratørar frå Estland

Lysa er laga i samarbeid med lysdekoratørar i Estland. Dei fekk sjå korleis bygningane og gatebilete såg ut på bilete, før dei konstruerte dekorasjonane.

– Det finst ikkje mange lysdekoratørar i Noreg som har ekspertise på julemarknader. Me har fått hjelp av dei som dekorerar julemarknaden i Tallinn, fortel Brugrand. 

Halvparten av lyssetjinga vil bli henganede oppe ut julefeiringa. 

Til toppen