Julenatt på museet: – Julafta var ikkje berre ein hyggeleg kveld

– Den kanskje største forskjellen før i tida var all tru som var knytt til jula. Ikkje berre den kristne trua, men òg folketru som me kallar det.

Kaupanger: Folk møtte i går opp til den første av to førjulskveldar på museet på Kaupanger. Her fekk dei kose seg med graut og spekemat, køyre hest og slede til nissehuset, gå rundt juletreet og handle varer hos lokale handtverkarar.

NY TID: Aud Ross Solberg, avdelingsdirektør på museet, er glad for at folk set pris på førjulskveldane. Ho seier tradisjonane har endra seg kraftig opp gjennom åra.
NY TID: Aud Ross Solberg, avdelingsdirektør på museet, er glad for at folk set pris på førjulskveldane. Ho seier tradisjonane har endra seg kraftig opp gjennom åra.

– Tanken er å formidle nokon av juletradisjonane og ha ein møteplass for folk i førjulstida. Me har eit flott uteområde og med alle dei antikvariske bygga, så blir det fantastiske kulissar for desse førjulskveldane, seier avdelingsdirektør ved Heibergske Samlinger på Kaupanger, Aud Ross Solberg.

Les også: Slik førebudde dei til jula i Sogndal under krigen
Les også: Førjulsmoro for heile familien

Ho seier juletradisjonane ikkje er til kjenne att frå slik det var då det budde folk i husa som no er på utstilling. For det første har kjøpejula tatt over der du før måtte gjere alt sjølv. For det andre startar jula no mykje tidlegare. Før vart det pynta til julafta, no startar dei ivrigaste allereie ved månadsskiftet til desember.

– Den kanskje største forskjellen før i tida var all tru som var knytt til jula. Ikkje berre den kristne trua, men òg folketru som me kallar det, seier Solberg. 

På museet fekk ungane eit møte med ein av dei få gjenlevande skapningane frå den tida. Dei måtte synge både lenge og høgt før nissen dukka opp og fekk i seg grauten dei hadde med til han. Hadde dei levd for eit par hundre år sidan, hadde dei hatt eit langt større persongalleri å forhalde seg til. 

– Julafta var ikkje berre ein hyggeleg kveld, men ein kveld fylt av skrekk og gru. Alle onde makter, som til dømes julereia, var ute og fòr den natta. Det var ikkje lite folk måtte gjere for å verne seg mot den, fortel Solberg.

Til toppen