Julestemning i Helgatun

Tysdag kveld var det juletrefest for store og små i Seimsdalen. 

Seimsdalen: Tysdag inviterte Seimsdal Ungdomslag store og små til juletrefest. Juletreet hadde dei pynta kvelden før, så alt var klart til den tradisjonelle juletrefesten i Helgatun.

Mange born, foreldre og besteforeldre møtte julepynta opp til juletrefesten.

- Det er kjekt med ein kveld der voksne og born kan kose seg saman, seier Jørgen Asperheim. Han legg til det var ein svært vellukka kveld.

Inga juletrefest utan gang rundt juletreet. Store og små danna fleire ringar rundt juletreet og stemte i med kjende julesongar.

Fin song vart det også når borna danna kor og stemte i med «På låven sitter nissen».

Artikkelen held fram under biletet. 

JULESONG: Rørande flott song av borna.
JULESONG: Rørande flott song av borna.

Nissen

Det var stor stas når nissen hadde funne vegen til Seimsdalen. Borna møtte ivrig opp når nissen kom og dei ba han med inn. Med seg hadde han ein stor sekk, ungane var forventningsfulle. Tru kva nissen hadde med i sekken sin?

Nissen ville også vere med å gå rundt juletreet og då var ikkje borna seine å be. Dei dansa muntre rundt juletreet saman med nissen, ikkje vanskeleg å sjå at dette var eit av høgdepunkta.

Juletrefest

Det er lang historie å arrangere juletrefest i romjula. Juletrefestane vidarefører ein veletablert festtradisjon som blei innført i Noreg midt på 1800-tallet. Også på den tida var det viktig å ha juletre, og på 1900-tallet kom nissen som eit høgdepunkt på juletrefestane. 

Juletrefesten i Helgatun hadde både eit flott juletre og nisse, ikkje noko tvil om at dette var ein god, tradisjonell juletrefest. Det var god julestemning og store og små gjekk nøgde heim. 

Sjå biletegalleri øvst i artikkelen. 

Til toppen