KINODAG: Desse filmane blei synt fram på Årdal Kino. Foto: Kaja Nygård
KINODAG: Desse filmane blei synt fram på Årdal Kino. Foto: Kaja Nygård

Julestemning på kino

Laurdag var det den store kinodagen, med framsyningar frå morgon til kveld.  

Årdal/Lærdal/Sogndal: Kvart år arrangeres den store kinodagen rundt om i landet. Heile 103 kinoar var påmelde i år, av dei var Sogndal, Lærdal og Årdal Kino med på markeringa.

Premiere

Sjølv om me kun skriv tidleg november, kunne ein få skikkeleg julestemning dersom ein fekk med seg premierefilmen laurdag. Alf Prøysen sin juleklassikar "Snekker Andersen og Julenissen" har gleda barn og vaksne sidan 50-talet. No er den endeleg blitt kinofilm, med premiere på årets kinodag.

"Doctor Strange" hadde også premiere laurdag, så det var duka for skikkeleg filmfest.

Årets kinodag program

I tillegg til dei to førpremierefilmane, kunne publikum i Årdal få med seg Trolls i 3D, Kongens nei og Girl on the train.

Sogndal kino hadde eit vidt spekter og synte film heile dagen frå ulike kinosalar. I tillegg til dei same filmane som vart synt i Årdal, hadde dei 24 filmar til på plakaten, blant anna "Gråtass gir gass", "Florence Foster Jenkins", "Istid" og "Børning 2".

Lærdal kino synte fram fem filmar, og blant desse var premierefilmen "Doctor Strange". 

Til toppen