Julestemninga kom, utan snødryss

Leiar for marknadsnemndi, Astrid Trulssen, hadde ønskje om snødryss til årets julemarknad. Den kom ikkje, men nysnøen på fjelltoppane laga ei fin ramme rundt julemarknaden i Lærdal.

Lærdal: Laurdag blei julemarknaden i Lærdal arrangert for tredje gong. I år blei det ein «mini-julemarknad» som var open ein dag. Spørsmålet er om det blir siste julemarknaden, ettersom dette var noko ein skulle prøve i tre år.

Årets julemarknad innfridde ikkje forventningar om snødryss, men innfridde med god julestemning rundt dei ulike salgsbodene i Gamlegata. Lyset frå LED-lys lenkjene skapa ei magisk ramme, når mørket kom på utover ettermiddagen.

Julemarknaden fekk fram julestemninga til dei mange frammøtte. Då gjenstår det å sjå, om julemarknaden får få fram stemninga, også neste år.

Jul for liten og stor

Inga julemarknad utan nisse, så dagen starta med nissebesøk, til stor glede for dei yngste.

Artikkelen held fram under bilete

NISSEBESØK: Borna fekk nissebesøk under julemarknaden.
NISSEBESØK: Borna fekk nissebesøk under julemarknaden.

Bodene stod på rekke og rad på marknadsplassen. Dei mange frammøtte kunne få med seg eit allsidig utval, der ein kunne få kjøpt alt frå bakst til handarbeid.

Det å kunne vandre rundt, sjå og kjenne på, før ein bestemmer seg. Skal det vere julegåve, eller kjøpe til meg sjølv? Kva med julebakst, kanskje starte med å kjøpe noko her?

Ein blir svolten av å vandre rundt, då smakar det med ein kaffikopp og noko attåt inne på kafeen. Lærdølene hadde lagt alt til rette for at dette skulle bli ein sosial og koseleg førjulsdag, for både liten og stor.

Artikkelen held fram under bilete

VARIERT: Det var eit variert utval i bodene på julemarknaden.
VARIERT: Det var eit variert utval i bodene på julemarknaden.

Positivt med julemarknad

Sognefjord sjokolade var på plass med bod på årets julemarknad. Franka og Paul Fransen som driv Sognefjord sjokolade synast at julemarknaden er eit fint arrangement.

- Eg synast at julemarknaden er veldig fin. Mange har vore innom boda vår for å sjå kva produkt me sel og for å kjøpe, fortel Paul Fransen.

BOD: Sognefjord sjokolade var på plass med bod på årets julemarknad.
BOD: Sognefjord sjokolade var på plass med bod på årets julemarknad.

 

Til toppen