Årdal kommune ber folk sikra lause gjenstander rundt husa sine.
Årdal kommune ber folk sikra lause gjenstander rundt husa sine. (Foto: Lene Risløw/Årdal kommune)

Juletreet blei teke av vinden

Jula fekk ein brå slutt utanfor kommunehuset i Årdal.

Årdal: «Godt Nyttår alle saman, det nye året kjem inn over oss med full styrke....», skriv Årdal kommune på sine heimesider.

Bileta syner at jula fekk ein brå slutt ved kommunehuset.

– Det byrja med att juletreet stod litt skeivt i mørket når me kom på jobb idag, og så måtte treet gje tapt for viden sine krefter, heiter det på heimesidene.

Kommunen ber alle sjekka om ein har lause gjenstandar rundt husa sine.

Til toppen