BLIR HEIDRA: Ingvill Tjønn Hansen (t.v)  fortel at Nasjonalforeningen for folkehelse set pris på jobben Julia Bruheim har gjort, og gjev ho prisen som takk for eit godt arbeid.
BLIR HEIDRA: Ingvill Tjønn Hansen (t.v) fortel at Nasjonalforeningen for folkehelse set pris på jobben Julia Bruheim har gjort, og gjev ho prisen som takk for eit godt arbeid. (Bilde: )

Julia Bruheim (79) mottok årets demenspris

Ho blei heidra under markeringen av den internasjonale Alzheimerdagen. 

Årdal: I forbindelse med Demensaksjonsveka deler Nasjonalforeningen for folkehelsen ut ein pris til ein person eller ei gruppe som har bidratt eksepsjonelt for demensarbeid. 

– Prisen går til ein person som kan betegnast som ein kvardagshelt, og som gjer noko utanom det vanlege, forklarer Ingvild Tjønn Hansen, som sit i fylkeskontoret for Nasjonalforeningen for folkehelsen. 

På det grunnlaget mottok Julia Bruheim prisen, som opp gjennom ti år har jobba for demente, der ho blant anna har teke dei med på dans. 

– Ho klarar å sjå arenaer der demente kan blomstre, og tørr å prøve ut nye ting, forklarer Hansen.

Prisen blei utdelt onsdag, under markeringen av den internasjonale Alzheimerdagen. 

Stolt over tilbodet i Årdal

GJEV PRIS: Ordførar Arild Ingar Lægreid gjev Julia Bruheim prisen som hyllar arbeidet ho har gjort for demente. 
GJEV PRIS: Ordførar Arild Ingar Lægreid gjev Julia Bruheim prisen som hyllar arbeidet ho har gjort for demente.  Foto: Marte Hestetun

Tilstades for å overrekke prisen var ordførar Arild Ingar Lægreid. Han er veldig stolt over dagsenteret som demente kan nytte seg av, som no er ope fem gonger i veka. 

Les også: Her opnar ordføraren den nye sansehagen

– Eg kjenner meg igjen i det pårørande seier, forklarer Lægreid, og fortel at han sjølv hadde ei mor som var dement. 

Vidare vil Lægreid legge fram eit forslag til kommunestyret som omhandlar meir aktivitet og aktivitørar til demente i Årdal. 

– Det skal bli tatt opp, og eg håpar det får gjennomslag, avsluttar han.

 
 
Til toppen