VISTE MUSKLAR: Magne Netland (bronse -95kg) Bård Grindheim (2 sølv -105 kg) Erik Trulsen (gull og sølv junior + 80 kg) Njål Golf (-85 kg), Roy Steve (-105kg) og Jon Sander Nedberge (-95kg). Foto: privat.

Junior henta heim første NM-gull til handbakklubben i Lærdal 

Erik Trulssen (16) tok gull og sølv i handbak-NM i helga og var ein viktig bidragsytar til den imponerande medaljefangsten til lærdølene. 

Lærdal: Heile fem medaljar tok den vesle handbakklubben frå Lærdal. Magne Netland tok bronse, Bård Grindheim tok to sølv, medan Erik Trulssen altså tok gull og sølv.

IMPONERANDE DEBUT: Erik Trulssen (16) frå Lærdal fekk både gull og sølv i sitt første NM.
IMPONERANDE DEBUT: Erik Trulssen (16) frå Lærdal fekk både gull og sølv i sitt første NM.

– Målet var at èin av oss skulle komme på pallen, så at vi tok i land fem medaljar er me sjølvsagt veldig nøgde med, seier Magne Neteland, leiar i Lærdal handbakklubb.

Les også: Viste musklar i NM i handbak

Spesielt glad er han for at junioren i klubben, Erik Trulssen, fekk det til å klaffe.

– Truls byrja for omlag eitt år sidan. Me merka fort at han hadde talent for denne sporten. Me var forskiktige med å legge eit for høgt forventingspress på han, men var ganske sikre på at han ville ta heim medalje. At det vart gull er viktig ikkje minst for klubben og rekrutteringa sin del, seier Neteland.

Klubben er temmeleg fersk. Likevel greier dei altså å markere seg kraftig i det tredje norgesmeisterskapet dei deltek i.

– Me trenar for å bli gode, då må du legga ned den treninga som trengst. Me er ikkje noko meir talent me enn nokon andre, seier Neteland.

Til toppen