IMPONERTE IGJEN: Spelarane jubla for sigeren framfor ein god gjeng med supportarar som hadde teke turen til Finland.
IMPONERTE IGJEN: Spelarane jubla for sigeren framfor ein god gjeng med supportarar som hadde teke turen til Finland. (Foto: Siri Andresen/Lurifax Support)

Juniorane er vidare i Youth League: – Heilt enormt

No held europaeventyret fram i Moldova.

FC Honka-Sogndal: 1-1 (2-4 samanlagt)

G19-laget til Sogndal er vidare til andre kvalifiseringsrunde i UEFA Youth League, der dei skal møta moldovske Sheriff. Det vart klart etter at laget greidde 1-1 borte mot FC Honka torsdag kveld.

FC Honka-Sogndal 1-1

Youth League: Andre oppgjer i første kvalikrunde.
Stadion: Sonera Stadium

Resultat samanlagt: 2-4 til Sogndal

Målskårar Sogndal: Adrian Solberg (17.)
Gule kort, Sogndal: Kasper Bordvik (62.), Mikkel Erlandsen (90.+4)

Laget som starta: Håvard Hetle, Eivind Helgesen, Kasper Bordvik, Adrian Solberg, Eirik Lereng, Mikkel Erlandsen, Anders Nord, Sivert Mannsverk (kaptein), Elias Mittet, Vegard Halset og Mathias Sundberg.

Benken: William Rakkenes (inn for Sundberg i det 88. minutt) , Per Michael Thune, Eirik Stokkenes (inn for Halset i det 66. minutt), Filip Mardal, Johan Bakke, Gøran Njøs og Iver Skorve.

– Det me har fått til no er heilt enormt. Denne gjengen her overraskar meg heile vegen, seier trenar Nils Tore Krosshaug, som vart intervjua på direkten på Facebook-sida til Sogndal Fotball like etter kampen.

Den erfarne trenaren var tydeleg rørt over prestasjonen til laget.

– Me får litt trykk mot oss i andre omgang, men me står distansen. Slik er det å spela borte, det er snakk om å forsvara seg med sogndalemblemet langt utapå drakta, og det gjer dei i dag, seier trenaren.

Prestasjonen blir kanskje ekstra spesiell med tanke på at berre seks spelarar er att frå ellevaren som starta i fjorårets NM-triumf mot Rosenborg, og dermed sikra kvalifisering til Youth League.

Her kan du sjå jubelscenene etter kampen, og høyra intervju med trenar og spelarar. Video: Sogndal Fotball. Saka held fram under.

Stolt keeper

Adrian Solberg skaffa bortelaget leiinga etter berre 17 minutt, medan utlikninga kom like før pause.

– Det blir ingen enkel kamp, men me står opp i kvar einaste duell, og det er heilt fantastisk. Eg er så utruleg stolt av det laget her, seier målvakt Håvard Hetle i intervjuet med Sogndal Fotball.

På heimebane vann Sogndal 3-1, dermed vart det 4-2-siger samanlagt, og avansement til andre kvalikrunde.

Neste motstandaren høyrer heime i Tiraspol, som med sine rundt 130.000 innbyggjarar er den nest største byen i Moldova. Sheriff har vunne den heimlege serien sytten gongar, vore i gruppespelet i europaligaen fire gongar, og spelt kvalifisering til mesterligaen éin gong.

Laga møter kvarandre 6. og 27. november. Vinnaren skal møta ein av toarane frå dei åtte Champions League-gruppene til ein avgjerande kamp om plass i sluttspelet. Motstandarane blir trekte i desember, medan kampane går i februar.

Sluttspelet i Youth League startar med åttandedelsfinale i mars.

Til toppen