SOLID STØTTE: Trass haustkulda i Sogndal var det likevel mange som hadde møtt fram for å heia fram juniorlaget.
SOLID STØTTE: Trass haustkulda i Sogndal var det likevel mange som hadde møtt fram for å heia fram juniorlaget.

Juniorane greidde ikkje å nå NM-finale for andre år på rad

Dei starta på noko som likna på ein snuoperasjon, men så vart fjorårsvinnarane kontra i senk.

Sogndal G19-Odd G19: 1-3 (0-1)

Onsdag skulle Sogndal og Odd sine håpefulle gjera opp om ein finaleplass i NM. Som regjerande meistrar måtte Sogndal tola å gå til kampen med eit ørlite favorittstempel. Og det var heimelaget som kom best i gang i flaumlyset på Fosshaugane stadion.

Sogndal-Odd: 1-3

Semifinale G19-NM

Laget:
1 Håvard Hetle
2 Kasper Bordvik
3 Adrian Nicolai Anhanger Solberg
7 Mikkel Raunehaug Erlandsen
14 Jonas Tillung Fredriksen
20 Eirik Lereng
6 Elias Mittet
8 Sivert Heggheim Mannsverk (k)
9 Mathias Sundberg
10 Anders Johannessen Nord
17 Akor Jerome Adams

Benken: 
4 Gøran Sælid Njøs
5 Johan Johanessen Bakke
11 Per Michael Legria Thune
15 Eirik Stokkanes
18 William Furnes Rakkenes
19 Filip Pleym Mardal
23 Vegard Halset

Det vil seia, Sogndal hadde mest ball, medan Odd satsa på kontringar, og produserte dei første og største sjansane.

Opna seg etter halvimen

Sogndal sin første kom ikkje før knappe halvtimen var spelt, då Mathias Sundberg banka ballen over frå elleve meter. Like etter lukkast Odd igjen på ei livsfarleg kontring, men ballen strauk utanfor stolpen.

I denne perioden av kampen skjedde det mykje. Etter 35 minutt fekk Akor Adams ballen i boksen etter nydeleg spel. Nigerianaren vende opp på ein femøring, men skotet gjekk via blokka og ut.

Minuttet seinare tok Odd leiinga til store protestar frå Sogndal. Dei meinte at keeper Håvard Hetle hadde blitt hindra ulovleg i situasjonen i forkant, og frå tribuneplass såg dei ut til å ha ei god sak.

Under til pause

Svaret var nær ved å koma rett frå avspark. I det 40. minutt dribla Anders Johannessen Nord seg elegant gjennom heile Odd-forsvaret, men avslutninga med venstre stod diverre ikkje i stil.

Etter dette roa kampen seg noko, og laga gjekk i garderoben på stillinga 0-1 til Odd. Greitt nok, viss me ser vekk frå at målet truleg skulle ha vore annullert.

Andre omgang starta igjen med godt spel for heimelaget. Allereie etter ti minutt hadde dei kome til to gode målsjansar, like mange som i første halvdel av kampen. Kvarteret var spelt då Jonas Fredriksen sette keeper på prøve med eit godt frispark.

Jubelen stilna

Det låg eit mål i lufta, og det kom. Mikkel Erlandsen lurte av ein mann på kanten, og fann Mathias Sundberg i feltet med eit strøkent innlegg. Spissen heada ballen meisterleg i krysset, til stor jubel for dei mange frammøtte.

Målet kom etter 17 minutt med total sogndaldominans, men jubelen stilna fort.

For minuttet etter utlikninga utnytta gjestene rot i heimeforsvaret. Ballen hamna hos Joakim Holmen Jahnsen, Odd sin bestemann, som på ny kunne føra gjestene i leiinga.

Utnytta ikkje sjansane

Like etter kom Sivert Mannsverk åleine på mål, men to sjansar var ikkje nok til å få ballen over streken. Då Sogndal pressa på for utlikning skjedde det som hadde vore melodien tidlegare i kampen. Odd kontra, og auka til 1-3, mot gangen i spelet.

Men Sogndal nekta å gje seg. Minuttet før slutt fekk Akor Adams tidenes sjanse til å skapa litt spaning, men skotet frå kort hald gjekk i keeper og ut.

Då såg kreftene ut til å ta slutt, og heimelaget makta ikkje mobilisera meir i overtida. Dermed vart det ikkje reprise av fjoråret, då Sogndal vann både NM og Skandinavisk meisterskap.

Til toppen