SKÅRA IGJEN: Akor Adams bomma på fleire sjansar, men skåra det avgjerande 3-1 målet mot Häcken i kveld.
SKÅRA IGJEN: Akor Adams bomma på fleire sjansar, men skåra det avgjerande 3-1 målet mot Häcken i kveld. (Foto: Arkiv / Porten-tipsar)

Juniorlaget til finalen – skal kjempa om å vera best i skandinavia

Slo svenske Häcken 3-1.

Sogndal-Häcken: 3-1

Sogndal tok seg fredag kveld til ein ny historisk finale. Èi veke etter at dei slo Rosenborg i cupfinalen i NM, er G19-laget til Sogndal no klare for finalen i skandinavisk meisterskap.

Fredag slo dei svenske Häcken 3-1.

– Det var utruleg moro. Me låg under 1-0 til pause, der me ikkje er på høgget nokon av oss, men gjer ein fantastisk andreomgang og får resultatet me treng. Det er ein kjempeprestasjon, seier trenar Rune Bolseth. 

Dårleg start

Sogndal vann dermed gruppe A med betre målforskjell enn Midtjylland. Begge laga enda likt med sju poeng.

G19-turneringa består av dei beste juniorlaga frå Norge, Sverige og Danmark, og vert spelt i Göteborg. Dei to første kampane i gruppespelet gjekk i midten av november, medan dei siste kampane gjekk fredag. Frå Norge deltek Sogndal og Rosenborg fordi dei tok seg til finalen i NM.

Tidlegare på kvelden hadde gruppekollega FC Midtjylland slått Mjøndalen 3-2. Det betydde at Sogndal måtte vinna med 2-1 eller betre for å vinna gruppa på målforskjell.

Det starta på verst tenkeleg vis. Häcken gjekk ikkje ufortent opp i leiinga mitdvegs i førsteomgang. Etter målet byrja Sogndal å ta meir over, men først i andre omgang vart dominansen total. Dei kvitkledde utlikna i det 57. minutt ved Mathias Sundberg, før Häcken fekk ein mann utvist for munnbruk.

Sikra finale

Deretter var det ingen tvil. Sogndal pressa på og det var berre eit spørsmål om når det skulle smella bak den svenske keeperen. Først skåra Mathias Sundberg sitt andre i det 81. minutt, før Akor Adams sette inn 3-1 i det 82. etter flott forarbeid av Eivind Helgesen. Sogndal skal no møta Århus-klubben AGF i finalen. Vinnaren får æra av å kalla seg skandinavisk meister i fotball for juniorar.

– No er det lada batteria, så er det å vinna finalen som er målet. Det blir nok ei utfordring mot eit veldig godt lag. Det blir bra å få testa seg mot det beste danske laget òg, seier Bolseth.

Sogndal har fått kritikk for å mangla lokale spelarar på A-laget. Skulle denne generasjonen halda oppe framgangen lovar det godt for framtida. I startoppstillinga var seks frå Sogndal, og åtte frå Sogn.

– Det er inspirerande for alle i klubben det me har klart med denne gjengen. Så får me sjå kva det har å seia for framtida. Det er uansett ei kjempeerfaring å ta med seg vidare, å ha spelt mot internasjonal motstand. No gjeld det for gutane å jobba steinhard, så får me sjå, seier Bolseth

Finalen blir spelt søndag klokka 15.00.  

Sogndal stilte med følgande lag:

Kristian Rutlin - Adrian Solberg (Rimestad), Jonas Fredriksen, Eirik Lereng - Eivind Helgesen, Sivert Mannsverk (Klepp), Ulrik Fredriksen, Eirik Stokkenes (Mittet) - Anders J. Nord (Totland), Akor J. Adams (Erlandsen), Mathias Sundberg

På benken: Håvard Hetle, Fabian Rimestad, Tobias Klepp, Elias Mittet, Tomas Totland, Mikkel Erlandsen.

Til toppen