MÅLSCORAR: Andreas Lerheim Olsen vart første målscorar då juniorane til Sogndal tok seg vidare til fjerde runde i cupen. Foto: arkiv.
MÅLSCORAR: Andreas Lerheim Olsen vart første målscorar då juniorane til Sogndal tok seg vidare til fjerde runde i cupen. Foto: arkiv.

Juniorlaget vidare til fjerde runde i cupen

Med A-laget til Sogndal allereie ute av cupen, er det godt å sjå at juniorane imponerer.

Gol/Sogndal: Juniorlaget til Sogndal vann i tysdag 3-2 mot Hallingdal i tredje runde i G19-NM. Dermed er dei blant dei seksten beste juniorlaga i Norge og har framleis håp om å kjempe om cupgullet.

– Vi spelte ein heilt grei kamp på bortebane, er dommen frå assistenttrenar Jon Arild Halland.

Han fortel at laget leia heile kampen, først 1-0 og 2-0, så 3-1, etter mål av Andreas Lerheim Olsen, Anders Nord og Jens Hundere Øvreset.

– Så fekk dei nok ei redusering rett før slutt, noko som gav ei spanande avslutning på kampen. Men eg vil seie at vi vann fortent, seier Halland.

Les også: Ungt Sogndal tapte i sluttminutta mot Hødd
Les også: Sogndal sine juniorar best i fylket

G19-laget har ingen som faktisk er nitten og siste års juniorar, medan berre fire er frå aldersklassen under det igjen. Resten er frå 2000-talet og yngre.

– Så vi er eit relativt ungt juniorlag. Vi er veldig godt fornøgde med at vi har kome oss så langt i sluttspelet som vi har, seier Halland.

Sogndal har fleire lovande juniorar i A-lagstroppen, som Johan Hove, Ulrik Fredriksen og Kristan Rutlin. I går var berre sistnevnte med juniorane.

– Korleis det blir til hausten er vanskeleg å seie, men det er no framleis slik at A-laget er førsteprioritet, seier assistenttrenaren.

Neste runde er til hausten. Kor langt dei vil nå vil han helst ikkje spå.

– Vi får sjå på kvar kamp som ei oppleving og ei god referanse for spelarane, seier han.

Til toppen