NY UTFORDRING: Skyttaren Jon-Hermann Hegg (til venstre) skal konkurrera i verdscupen for seniorar i Tyskland denne våren.
NY UTFORDRING: Skyttaren Jon-Hermann Hegg (til venstre) skal konkurrera i verdscupen for seniorar i Tyskland denne våren. (Foto: arkiv)

Juniorskyttaren frå Lærdal er teken ut til verdscup for seniorar

Skal konkurrera mot verdseliten for første gong.

Lærdal: Han er framleis berre juniorskyttar, men i slutten mai får Jon-Hermann Hegg (20) høve til å bryna seg mot den ypparste verdseliten.

Lærdølen er nemleg blant dei seks mannlege utøvarane som er teken ut på landslaget i rifle som skal konkurrera i verdscupen i München.

– Det er gøy det. Eg har vore på World Cup før, men ikkje som senior. Det blir ei ny erfaring å skulle konkurrera mot dei beste av dei beste, seier Hegg, som stiller i 50 meter rifle heilmatch. 

Vil ikkje spå resultat

I dei fleste idrettar er det eit stort steg for unge utøvarar å ta steget inn i vaksenverda, sjølv om du er aldri så god som junior. Slik er det óg i skyting, i det minste på internasjonalt nivå.

– I Norge er det óg skilnaden, men kanskje ikkje like stor. Det har vore bra nivå på juniorane, og noken av oss har klart å konkurrera med seniorane, seier Hegg. 

Deltakinga hans i verdscupen er eit døme på det.

Sidan det er første gong, og han er yngre enn dei fleste han konkurrerer mot, vil ikkje Hegg setta seg mål når det gjeld resultat. Han vil heller konsentrera seg om å få til dei tinga han har trent på.

– Viss eg leverer gode resultat, så er det fint. Viss ikkje, så er det ei god erfaring likevel. Men greier eg å gjera jobben bra, så blir resultatet bra óg, seier Hegg.

Hegg er óg førehandsutteken til verdscupen for juniorar i Suhl i juli.

 
Til toppen