Assisterande fylkesmann i Sogn og Fjordane Gunnar O. Hæreid har fått Juristmållagets målpris. Foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Assisterande fylkesmann i Sogn og Fjordane Gunnar O. Hæreid har fått Juristmållagets målpris. Foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Jurist-målpris til fylkesmann-assistent

Assisterande fylkesmann i Sogn og Fjordane Gunnar O. Hæreid har fått målpris frå Juristmållaget.

Årdal: Hæreid får prisen for den store innsatsen sin for bruk av nynorsk innanfor jussen gjennom mange år.

MÅLPRIS: Til Gunnar O. Hæreid.
MÅLPRIS: Til Gunnar O. Hæreid.

Årdølen har tidlegare arbeidd hos Sivilombodsmannen, som dommarfullmektig i Indre Sogn tingrett, som konstituert lagdommar i Hålogaland lagmannsrett og som advokat hos Regjeringsadvokaten.

Heilt sidan studiedagane har han "forsynt juristar og studentar med dommar, orskurdar og fagartiklar med eit klart og presist nynorsk språk og gode formuleringar", seier Juristmållaget om prisvinnaren.

Juristmållaget peikar òg på Hæreids uvurderlege innsats for yrkesmållaget dei siste åra, mellom anna gjennom etableringa av ei eiga fadderordning for jusstudentar, som styremedlem og som bidragsytar på skriveseminar.

(©NPK)

Til toppen