MANGE KLAGAR: Høgre-, Frp-, Ap og Sp-kommunar står alle på lista over kommunar som no klagar til Politidirektoratet over at lokalt politi blir borte. Før høyringsfristen gjekk ut 10. mars hadde 52 kommunar sendt klage. Foto: Halvor Farsund Storvik.
MANGE KLAGAR: Høgre-, Frp-, Ap og Sp-kommunar står alle på lista over kommunar som no klagar til Politidirektoratet over at lokalt politi blir borte. Før høyringsfristen gjekk ut 10. mars hadde 52 kommunar sendt klage. Foto: Halvor Farsund Storvik.

Justisministeren får politikritikk frå sine eigne

Ordførarane til regjeringspartia kritiserer nærpolitireforma. Det er stor lokal protest mot at lensmannskontor skal leggjast ned, skriv Dagens Næringsliv. 

Årdal: I fjor vart talet på politidistrikt redusert frå 27 til 12. Politidirektoratet vedtok tidlegare i år at 126 lensmannskontor og politistasjonar skal leggjast ned.

Høgre-, Frp-, Ap og Sp-kommunar står alle på lista over kommunar som no klagar til Politidirektoratet over at lokalt politi blir borte. Før høyringsfristen gjekk ut 10. mars hadde 52 kommunar sendt klage.

Ein er mellom anna bekymra for at beredskapen blir dårlegare og utrykkingstida lenger.

– Det er ingen dramatikk i at nokre kommunar klagar. Ei svært kompetent gruppe av sakshandsamarar vil behandle alle klagene i tråd med forskrifta og også god forvaltningsskikk, skriv justisminister Per-Willy Amundsen i ein e-post til Dagens Næringsliv.

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum meiner regjeringa har kome svært skeivt ut med reforma og at kraftig ressursinnsats brukt på reform og omorganisering har svekt polititenestene.

– Regjeringa driv nytale. Det er uklokt å snakke om nærpolitireform når alle ser at det er sentralisering dei vil ha. Ei leiing som ikkje seier dette rett ut trur eg vil auke den allereie sterke misnøya i politietaten. Den store vinnaren i reforma til no er konsulentar og konferansehotell, seier Sp-leiaren.

Justisministeren er overtydd om at reforma vil gi betre polititenester.

– I motsett tilfelle hadde vi ikkje gjennomført ho. Senterpartiet likar å teikne eit elendebilete av at politikrafta vil forsvinne ved at det blir litt færre tenestestader. Eg er langt meir opptatt av politikrafta vår, seier Amundsen.

(©NPK)

Til toppen