KONKURS: Sida 2016 har Grønn Norge AS hatt leigeavtale med Lærdal kommune om Villakssenteret. No er selskapet slått konkurs.
KONKURS: Sida 2016 har Grønn Norge AS hatt leigeavtale med Lærdal kommune om Villakssenteret. No er selskapet slått konkurs.

Selskap som driftar Laksen Kafé er konkurs, kommunen held han ope

Ut sommaren vil senteret bli drive av Lærdal kommune.

Lærdal: Grønn Norge AS har hatt driftsavtale for Norsk Villakssenter og Laksen Kafé sida 2016. Fredag blei det kjent at selskapet er slått konkurs. Årsaka er krav frå Skatt Vest på fleire hundre tusen kroner.

Straks etter konkursopninga fredag, varsla advokat og bustyrar Jan Rømmen, Lærdal kommune om at selskapet var slått konkurs. Kommunen gjekk då inn for å halde kafeen open.

– Norsk villakssenter reiseliv AS tek over drifta, slik at me slepp å stenga dørene i høgsesongen. Senteret har stor næringsverdi om sommaren, seier Rømmen.

Etter planen skal villakssentert halde ope ut august, med uendra opningstider. Kafeen blir derimot stengt inntil vidare. Planen er å opne kaféen med eit enklare tilbod av lunsjrettar og bakverk. Detaljane skal vere klare innan ei vekes tid. 

Uoppgjorte innbetalinger

Villakssenteret er berre ein av tre verksemder som har blitt drive aksjeselskapet Grønn Norge AS. Selskapet dreiv òg kiosknæring på torget i Flåm og vognsal på Flåm camping. 

– Selskapet vart slått konkurs grunna uoppgjorte innbetalingar av moms, skatt, gebyrer og avgifter, seier Rømmen. 

Dariusz Baran, dagleg leiar for Grønn Norway AS, skal ikkje lenger delta i drifta av Villakssenteret.

Dagleg leiar i Grønn Norge AS, Dariusz Baran, har drifta kaféen sidan 2015. I 2016 tok han også over drifta for villaksenteret. Framover skal ikkje Baran lenger delta i drifta.

Rømmen fortel at dei tilsette vil bli dekka av lønsgarantiordninga, og vil få det dei hadde krav på før konkursopninga førre fredag. 

Komande måndag held Rømmen og Lærdal kommune informasjonsmøte for dei tilsette. 

Til toppen