Etter at kaffien har fått trekke ligg den og kosar seg på toppen, skal kaffien rørast inn vatnet før den synk til botn. Dei internasjonale kallar det "to break the coffee", mogleg eg må finne opp eit betre ord.
Etter at kaffien har fått trekke ligg den og kosar seg på toppen, skal kaffien rørast inn vatnet før den synk til botn. Dei internasjonale kallar det "to break the coffee", mogleg eg må finne opp eit betre ord.

Kaffi-cupping i Oslo

Ååkei... Då har livet mitt nesten nådd nye høgder.

Dei to dagane eg skal skrive om no, plasserer seg rett inn på 2. plass over dagar i mitt liv (utanfor fjellet, såklart). Sidan du lurer – dei råaste dagane utanfor fjellet var guttetur til Liseberg (tivoli i Sverige) sommaren 2015. Sjå biletet så forstår du at sjølv ikkje kaffi kan konkurrere mot den gjengen her:

Artikkelen held fram under biletet.

Vi har spekulert mykje på kven han karen i raud eigentleg er. Det finn vi truleg aldri ut av.
Vi har spekulert mykje på kven han karen i raud eigentleg er. Det finn vi truleg aldri ut av.

Lisebergturen får få seg eit blogginnlegg seinare. I dag handlar det om kaffi, nærare bestemt Nordic Approach sitt cupping event. Nordic Approach er eit selskap frå Oslo som importerer høgkvalitets kaffibønner. I tillegg til det, jobbar dei tett opp mot lokalsamfunna der dei handlar kaffi. Ved å betale gode prisar for bønnene, og gjennom arbeid ved å heve kompetansen ved dei ulike farmane, er Nordic Approach med på å bygge opp berekraftige leverandørar av god kaffi. Attpåtil var dei eg trefte sjokkerande trivelege folk, tatt i betraktning at dei er Oslo-folk. Kanskje det er den gode kaffien som ligg bak? Eg har aldri møtt sure folk med ein kopp god kaffi i neven sin. Derimot ser eg korleis sur kaffi kan føre til sure fjes. Hmm.

Ei snerta dame frå Nordic Approach (NA) inviterte meg på dette arrangementet då eg trefte ho i Oslo sist eg var der. Etter eit par koppar kaffi og litt preiking med andre kaffibrennarar sette vi i gang. 18 typar etiopisk kaffi stod først på menyen. Her varierte det frå syrleg, vaska kaffi, til fruktige, bærtørka snadderkoppar. (Vi kan ta eit kjapt krasjkurs i ulike haustingsmetodar for kaffi seinare.) Det var mildt sagt spennande. Det her er første gang eg har prøvd meg på så mange ulike bønner på ein dag, og første gang eg har vore på eit "cupping-event". 

Sidan eg var nybyrjar i cupping, gjekk dei første fem minutta av cuppinga med på å passe på at eg ikkje gjorde ting vesentleg forskjellig frå andre. Sjølv om mange av dei visste at eg var i oppstartsfasen, og for så vidt syntes det var tøft, prøvde eg å unngå å sjå ut som ein klovn... Men, sidan cupping er såpass spesielt, viste det seg å være ganske lett å gli inn i mengda av brennara.

  1. Finn deg ei skei og ein kopp.
  2. Fyll skeia med kaffi.
  3. Slurp så hardt du kan, og då meiner eg i kategorien «lag den sjukaste lyden du klarar».
  4. Smak, svelg eller spytt ut i koppen. Gjenta.

Enkelte kaffiar er veldig lett å skilje frå kvarandre, men i fleire av partia var det veldig små nyansar mellom enkelte bønner. Då var det vanskeleg å klare å skilje dei utan å få tips frå dei meir erfarne cupperane. Det skal vere sagt om kaffibrennarar; ei enorm vilje til å hjelpe og dele av sine erfaringar. 

Eg traff ein herremann frå Jacu i Ålesund, Kragerø kaffebrenneri, Utanlandske Talor og norske Jørgensom skal starte i Oslo, danskane Jonas og Sebastian frå Prolog Coffee med fleire. Nok ein gang, trivelege folk!

Det bar vidare igjennom Costa Rica, Tanzania, Honduras og meir. Eg rekte om lag 70 ulike før eg måtte komme meg tilbake til Sogndal (deltidsstudentar må møte på skulen på laurdagar). Men du verden så moro det var! I jungelen av spesialkaffi er det mykje kaffi som er ganske spesielle. Eg trur at eg landa på den første spesialkaffien eg vil bruke – akkuratt kva bønne det blir får vi ta på sikt, men eg har ei kjensle av ein del av det eg fekk smake i helga, vil bli svært godt tatt imot heime. Det blir umogleg ikkje å like han, fyttikatta så eg gler meg til å servere deg ein kopp.

Til toppen