Kaffi og kaker i ei kulturell verd

Torsdag inviterte Farnes skulemusikk til kulturkveld i Årdal kulturhus.

Årdal: Torsdag kveld lokka Farnes skulemusikk mange årdøler til Årdal kulturhus med kaker, kunst og god musikk. Publikum fekk oppleve eit breitt spekter av kultur. I publikum var det både unge og vaksne folk, der alle stolane var fylt opp. Farnes skulemusikk spanderte kaker, kaffi og saft på publikum, noko som var veldig populært.

Først ut var dansegruppa «dans uten grenser», som imponerte med ein kreativ dans. Dansegruppa består av unge instruktørar innanfor dans, som lærer elevar frå 3-6 klasse å danse. Rektor ved Kulturskulen i Årdal, Sigyn Øren, seier dette er eit nyoppstarta prosjekt med organisasjonen Dans uten grenser. 

Øvre Årdal janitsjar underheldt publikum med «pubmusikk», konsertmars og til slutt låta «Yakety sax» med Helge Magne Haglund som solist. Kunstelevar ved kulturskulen viste fram bileter frå kvardagen deira i kulturskulen. Der ein fekk sjå kunstglade ungar, som tydelig har glede av å drive med kunst.

Kunstlærar ved kulturskulen, Reidun Vinda, seier ho legg vekt på at ungane skal ha det kjekt med kunsten.

FORNØYGD: Sigyn Øren var fornøygd med kvelden.
FORNØYGD: Sigyn Øren var fornøygd med kvelden.

– Eg legg vekt på at elevane skal kjenne temperamentet sitt, og bruke det ut gjennom kunsten i tillegg til at dei har det kjekt. Elevane er forskjellige, alle saman har sin eigenskap. Eg prøver å lære dei at ingen eigenskap er feil. Derfor brukar me øvelsar som likestiller alle.

Likar å øve

Farnes skulemusikk tok publikum med på ei reise rundt i musikkverda, med låtar frå Afrika til musikk frå filmen "James Bond." Sigyn Øren seier ho blir imponert over elevane sine.

– Dei er ein flott gjeng, som likar å øve både heime og på øving. Låtane me spelte i kveld var nokså avanserte, med masse rytmar og tette akkordar. Det er ikkje mange øvingar me har hatt. 

Sigyn seier til Porten.no at ho er nøgd med elevane og kvelden.

Sjå biletegalleri øverst i saka.

 

Til toppen