Foto: Wikipedia Commons.

Kaffihype, kloke ord, men først og fremst svada

Eg blei litt paff i dag...

Dette blogginnlegget vart først publisert 26. april. Porten.no følgjer Kjetil Russenes si gründerreise. Les meir om gründerbloggen her

Denne veka har eg stort sett vore i telefonen i vanlege arbeidstider, snakka litt med folk som eg trur kan hjelpe meg, eller undersøkt markedet - kva kaffi sel folk i dag? Og ikkje minst: kva tykkjer dei om eit lokalt alternativ? 

Les det her: fleire plassar eg ringer no, svarar «Å, det har eg høyrt om!» når eg ringer og seier «Heisann-du-god-dag-ja ('sett inn formell introduksjon') eg-skal-starte-kaffibrenneri-og-hadde-eit-par- spørsmål-til-deg». Flåm, Aurland, Førde; der er kaffientusiastar! Med andre ord er det fleire enn han karen i Luster som tykte det var noko å snakke om. (referanse til første blogginnlegg jou.anm.)

Den andre saka er av meir patriotisk karakter, fylkes- og lokalpatriotisme faktisk. Det her er ei uoffisiell takk til alle som tar seg tid til å preike kaffi med meg, og dei som sit i telefonen og gir tips og trekk i trådar. Folk kjem med idear, forslag til folk eg kan ringe, erfaringar frå eigne verksemder, seier at eg må «gønne på og gi gass». Ein forstår ikkje kor mange hjelpsomme folk det er i fylket, før ein begynner å pønske på noko. Det her kan du tenke på, dersom du vurderer å starte opp med noko. Har du ein halvgod idé? Berre prat om det, så rullar ballen avgarde fortare enn du anar. 

Så ei takk til alle dei som er kritiske. Det er kjekt at folk heiar, men det er viktig at folk torer å stille kritiske spørsmål. Det kveikjer ein driv i meg.  Viss eg luktar at personen er skeptisk til eit kaffibrenneri i Sogn og Fjordane, så skal eg jammen vise at det her skal gå bra. Det er visst slik ein god idé skal vere - midt mellom det folk tenkjer er ein god ide, og det som ikkje vil fungere. Det minnar meg om dagens rykte frå ho Aud: «Mange hadde lita tru på Ægir då dei først skulle prøve å etablere seg». Vel... Mange tok kraftig feil...

Likevel lurer eg av og til på om eg er heilt på bærtur. Eg ser nemleg ikkje store fallgruver med prosjektet mitt. Det kan berre bety éin av to ting, anten er det ein sabla god idé - eller så er eg rablanda gal, utan evna til å innsjå det sjølv. Her er Sogn Næring og Kunnskapsparken Sogn og Fjordane gode støttespelarar. Då dei har god erfaring i å tenke gjennom ting før ein set i gang, har eg ein tendens til å dure på for å løyse utfordringar etter kvart. Tippar begge strategiane kan fungere greitt for seg, men ein kombinasjon er nok ikkje så dumt. Stor tommel opp til alle som bidreg oppe i Campus-bygget!

Innlegget held fram under biletet.

Frampeik til neste blogginnlegg. Hugsar du frampeik frå norsktimane?
Frampeik til neste blogginnlegg. Hugsar du frampeik frå norsktimane?

Må legge til at me har bytta kontor. No sit me og fjasar i flotte lokaler oppe i 3. etasje på Fosshaugane Campus. Absolutt inspirerande å dele kontor med andre som har starta opp for seg sjølv, Furberg Snowboard, SGN Skis, Wyssen Avalanche Control, Rekkje, Co2-Kvote-forskaren, og verdens råaste Reklame og -analyse mann! Satsar på å få inn Bjøddn med tida!? (Utrop til Torbjørn, eller T-Bjørddn som vi kallar han på gründerkontoret.) 

Det rullar og går det her. Tru meg, eg har blitt litt miljøskada av å jobbe med det her fra morgon til kveld. Forresten. Første farsthump er passert - fekk ikkje støtte av Næringsfondet i Sogn og Fjordane. Vel, vel, har for lite tid til å grine - lyt dure på vidare. Har du høyrt ryktet om at det blir mulig å tinge kaffi på førehand? På den måten kan du bidra til oppstarten av det revolusjonerande kaffibrenneriet! Haldnings- og reklamekampanjer kjem straks på mediumet du føretrekk!

Neste gang: Eg har tatt turen til storbyen. Tross kluss med kollektivtraffikken (turistfelle) og den blodtørstige trikken, blei det eit par fantastiske kaffidagar! Følg med.

Krut ut!

Til toppen