SVARAR: Ein av dei to personane involvert i kaisaka tysdag svarar for hendinga. Ifølgje han hadde vitna feil fakta.
SVARAR: Ein av dei to personane involvert i kaisaka tysdag svarar for hendinga. Ifølgje han hadde vitna feil fakta. (Foto: Truls Grane Sylvarnes / Arkiv)

Kai-besøkande svarar: – Hadde ikkje moglegheit til noko anna

Etter hendinga på kaia måndag, har det vore mykje engasjement rundt saka på sosiale medium. Dei involverte vil forklare si side av saka.

Årdal: Eit Snapchat-bilete av dei to personane, kor den eine satt mellom rekkverket på kaien på Årdalstangen, vart spreidd på sosiale medium. Biletet vart også sendt til representantar i Årdal Sjøfront AS som gjorde til at hendinga vart anmeldt.

Vitner sa at ein mann og ei kvinne hadde nytta alkohol og vore nakne offentleg, og at ein av dei nytta kaien som toalett.

Mannen på biletet seier at fleire detaljar som er lagt fram, er feil. Sjølv ønskjer han å vera anonym.

Når det gjeld meg så var eg ikkje naken, og ikkje drakk eg alkohol og ikkje brukte eg kaien som toalett. Eg hadde med meg nokre flasker vatn som eg drakk frå, seier han til Porten.no.

– Den andre personen hadde truse på seg, seier han. 

Fekk brått illebefinnande 

Kvinna fortel at ho brått fekk akutte smerter i magen då dei var på kaia. 

– Eg visste at dersom eg byrja å gå så hadde eg drite på meg, for å sei det rett ut. Så eg sette meg slik som dykk såg. Etterpå sa eg til han som var med meg at «dette var ikkje fint». Dette skulle eg aldri ha gjort, seier ho.

– Ho sa til meg at ho ikkje ville klara å springe opp på toalettet. Ho hadde ikkje moglegheit til noko anna, seier mannen. 

Kvinna er særs prega av situasjonen, og seier at ho ikkje torer å gå ut:

– Eg har heller ikkje tort å gå inn på Facebook for å lesa. Då eg stod opp i dag, så tenkte eg at eg ikkje torer å gå ut å møta folk. For alle veit jo at det er meg, seier kvinna. 

Vidare sler dei fast at dei er ikkje eit par, slik som vitne spekulerte i, men gode vener.  

Vil melda fotografen til politiet 

Mannen seier at han vil melda personen som tok bilete av dei, til politiet. 

– Han eller ho tok jo bilete av oss, og delte det på Facebook og Messenger, det er jo ikkje lov. I alle fall då det ikkje var sladda i det heile, seier han. 

Tysdag sa Sofie Dokken Andersen, styremedlem i Årdal Sjøfront AS, til Porten.no at selskapet melde dei to personane til politiet etter hendinga.

Ifølgje Andersen skulle politiet ta kontakt med mannen og kvinna tysdag. 

Har politiet teke kontakt med dykk? 

– Nei, det har dei ikkje gjort, seier mannen.

Til toppen