SPØRSMÅLSTEIKN: – Me politikarane sit att som spørsmålsteikn, så eg skjønar godt grunneigarane, sa Kåre Mentz Lysne (Ap). Foto: Ole Ramshus Sælthun
SPØRSMÅLSTEIKN: – Me politikarane sit att som spørsmålsteikn, så eg skjønar godt grunneigarane, sa Kåre Mentz Lysne (Ap). Foto: Ole Ramshus Sælthun

Kai i Lærdal: – Me politikarane sit att som spørsmålsteikn

Representantar frå Ap, SV og Venstre gjekk på talarstolen i tur og orden og kritiserte kaiprosessen for at den går altfor fort. Så kritiserte ordførar og varaordførar desse partia for å vera defensive

Lærdal:  Eg har ei kjensle av å løpa etter i denne saka. Me er sett under administrasjon av næringsinteresser, for å setja det litt på spissen. Og me blir løpande etter fordi me ikkje har orden i eige hus. Dette handlar om fleire enn Bermålsviki og Ecoinowaste – det handlar om heile dalen, sa Frode Myklebust (V).

Som mykje omtala dei siste tida har kaiplanane i Lærdal skapa tumultar.

Les også: Meiner grunneigarane blir altfor seint involverte

Les også: - At ein vil ofra to nærmiljø for ein fabrikk er uforståeleg

Formannskapet måndag vedtok å å gå vidare med nærare utgreiingar av kai i Bermålsviki eller Erdal. 

Les også: Her kan det koma tømmerkai

Les også: Vil bruka tid på å finna ut om Erdal eller Bermålsviki er best eigna til kai

– Trakkar i salaten, gong etter gong

Under kommunestyremøtet torsdag, var tonen krassare frå både SV, Ap og altså Venstre – Simas og Ecoinowaste fekk i for stor grad vera premissleverandør, meinte dei.

– Me trakkar i salaten gong etter gong – no må me ha lært ei gong for alle, sa Annike Vanberg (SV) , og viste til at grunneigarane blir seint involverte.

– I denne saka må me halda tunga beint i munnen og tenkja over kva me gjer, sa ho vidare og viste til administrasjonen si utgreiing før førre kommunestyremøte, som stilte spørsmål som om det var behov for, økonomi til og god nok infrastruktur for kai eller hamn – då med tanke på lokasjon i Erdal.

– Verken Bermålsviki eller Erdal aktuelle

Kåre Mentz Lysne (Ap) viste i sitt innlegg til at han første gong hadde høyrt om hamnplanane gjennom NRK i juni og at han vart skeptisk då saka om hamnetablering i Erdal plutseleg kom på bordet sist kommunestyremøte. 

– Me politikarane sit att som spørsmålsteikn. Så eg skjønar godt grunneigararane. Og Bermålsviki er heilt uaktuell for min del. Ei perle av ei strandlinje. Det er kulturminne og historie å ta vare på vidare. Indre Erdal kan vera eit aktuelt område. Men det er heilt avgjerande at ein har god dialog med grunneigarar og at ein høyrer med dei kva planar dei har og vil realisera. Me kan ikkje byggja eit luftslott.

For Kristen Olav Grøttebø (Ap) var Erdal heilt uaktuell:

– Det er ein steinfabrikk der som vart avvikla på grunn av grunntilhøva. Det ligg kloss inntil ein Nasjonal turistveg, grunneigarane har sine planar og Vegvesenet planlegg ein flott rasteplass der. Og det er rasfare. Når det gjeld Bermål, er dette eit fantastisk område – det kan vidareutviklast med bustadfelt eller hytter, til dømes. Så om det står på tømmerkai i Erdal eller Bermålsviki for å få pelletsanlegget i Håbakken, trur eg at eg må seia nei til det.

– Ordførar, dette går altfor fort

Det var eit poeng representantane frå både Ap, SV og Venstre drog opp – at dagleg leiar i Simas, Hallvard Thomassen, under folkemøtet om Håbakken nemnde at pelletsfabrikk ikkje var avhengig av tømmerkai dei to første åra.

– To dagar seinare kjem eit skriv om at det er behov for kai frå dag ein. Då lurer eg på kva som skjedd på desse to dagane? Ordførar, dette går for fort. Du må hugsa at eg ikkje er 66 lengre, heldt Grøttebø fram – og fekk applaus frå tilhøyrarane, som fylte opp kvar stol i kommunestyresalen

TILHØYRARAR: Mange hadde funne vegen til kommunestyresalen denne torsdagen.
TILHØYRARAR: Mange hadde funne vegen til kommunestyresalen denne torsdagen.

– Det er ganske enkelt «nei»

Innlegga fekk ikkje applaus hjå varaordførar Trond Øyen Einemo (H) og ordførar Jan Geir Solheim (Sp).

– Det me høyrer er eit døme på at det aldri kjem noko godt ut av politisk næringsutvikling. Makan til «tja», «nja» og «kanskje» har eg knapt høyrt. Det er ganske enkelt «nei» frå dykk. Og det er utruleg skremmande når me er ein omstillingskommune. De snakkar om noko som kan føra til at det kanskje blir eit «ja» i 2019. Og då er fuglen flogen. Dessutan handlar ikkje dette berre om Ecoinowaste; det har bakgrunn i ein følsomheitsanalyse som sa at dette kunne vera noko, sa Øyen Einemo.

– Me har god tid, seier SV. Det får stå for deira rekning. Utviklinga i Lærdal viser at me må gjera noko. Ap vil tilbake til start, det gjer meg ikkje imponert. Eg sit ikkje her for å rykkja tilbake til start. Vestskog kom til oss for fire og halvt år sidan fordi tømmerkai kunne vera aktuelt i Lærdal, så dette har ikkje kome no, sa Solheim, og heldt fram: 

– For berre tre dagar sidan i formannskapet var alle samde om at me ville ha kai. Ein skal ikkje seia noko om kor stor eller kvar den skal vera. Og me var einige om at god dialog med grunneigarar er viktig. Men alle ville ha kai. Har det skjedd noko sidan måndag? Eg er ikkje med og rykkjer tilbake til start, og eg er ikkje med på eit veldig langt løp no. 

Artikkelen held fram under biletet

IKKJE IMPONERT: – Har det skjedd noko sidan måndag? spurde ordførar Solheim.
IKKJE IMPONERT: – Har det skjedd noko sidan måndag? spurde ordførar Solheim.

Ti-sju

Ordføraren fekk ikkje svar på om det hadde skjedd noko sidan måndag, og han trong heller ikkje rykkja tilbake til start. Kommunsetyret vedtok formannskapet si tilråding om å gå vidare med kaiplanane og utgreia Erdal og Bermålsviki meir utførleg. Sp sine åtte og Høgre sine to representantar stemte for dette.

Venstre, SV og Ap sine representantar stemte for eit felles framlegg frå SV og Ap som gjekk ut på at det må gjerast ei grundig analyse av behov, kostnad og eigarskap rundt eit slikt anlegg. Vidare at det må sjåast i samanheng med overordan planar. Men dette framlegget fall, altså.

TI-SJU: Sp og Høgre sine til saman ti stemmer mot Ap, SV og Venstre sine sju førte til at vedtaket frå Formannskapet vart ståande, berre at det vart presisert at pengar til utgreiingsarbeidet vidare skal takast frå Næringsfondet, og at dette skal godkjennast av formannskapet.
TI-SJU: Sp og Høgre sine til saman ti stemmer mot Ap, SV og Venstre sine sju førte til at vedtaket frå Formannskapet vart ståande, berre at det vart presisert at pengar til utgreiingsarbeidet vidare skal takast frå Næringsfondet, og at dette skal godkjennast av formannskapet.
Til toppen