Årdal: Politikarane har allereie sagt seg villig til å nytte 2 millionar kroner på å vedlikehalde det hindre hamnebassenget, og no er også finansieringa til å utvikle ei gjestebåthamn på plass.
No håpar ein av investorane at arbeidet kan koma i gang så fort som råd slik at ein kan byrja å ta imot båtgjester allereie til sommaren.
– Det var avgjerande for oss at kommunen no ordnar opp i svakheitene ved anlegget, seier Erling Eggum, drivar av Klingenberg Hotell.
– Eit område med potensiale
Han er ein av fleire aktørar på Årdalstangen og i Øvre Årdal som har gått inn med midlar for å utvikla ei gjestebåthamn på Årdalstangen. Prosjektet har ein prislapp på rundt 1 million kroner, men før ein kunne setje i gang med noko som helst, var ein avhengig av at Årdal kommune, som eig området, gjorde noko med den 60 år gamle hamna.
Artikkelen held fram under biletet.

Hol og rustskadar i spuntveggen gjorde at ein ikkje kunne vente lenger med vedlikehaldet. I første omgang er det snakk om det indre hamnebassenget.
– Området har veldig potensiale og er ein del av hovudsatsinga i reiselivsstrategien vår. Det er gledeleg at næringslivet i Årdal er med på å lage ei gjestebåthamn, sa Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) då formannskapet hadde saka på bordet. Både Senterpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne sa seg samde.

Håpar på smitteeffekt oppover torget
Innspelet om ei gjestebåthamn kom i første omgang frå båtforeininga i Årdal. Årdal Utvikling tok utfordringa, og no håpar næringssjef Terje Laberg at dette kan vere starten på noko positivt i sentrumsområdet på Årdalstangen.
- Les også: I hamn med skipinga av Årdal Sjøfront
– Me håpar at næringslivet kan ta på seg rolla og utvikle heile sjøsida på Årdalstangen frå kaibygget og over til Meiriparken, der me ser føre oss å utvikla aktivitetar knytt til sjøen året rundt, seier han.
For eit år sidan vart Årdal Sjøfront stifta, men det har tatt tid med å koma opp med nok kapital. No har bedrifter både i Øvre Årdal og Årdalstangen spytta inn pengar. Det er både Eggum og Laberg glade for.
– Eg håpar me klarar å kapitalisere opp Sjøfront slik at dei kan bli ein viktig aktør i området. Får me til det, vil det ha ein smitteeffekt oppover på torget slik at ein kan få på plass aktivitetar og skapa liv i sentrumsbiletet, legg Laberg til.

Betyr mykje for omdømmet
Vidare vil ein prøve å kople dette saman med anlegget i Ofredalen, som skal vere starten på ei reise gjennom kommunen, frå sjøen til Utladalen og fjellet.
– Det betyr uendeleg mykje for omdømmet til bygda. Det handlar om korleis ein måter tilreisande, anten dei kjem med båt eller skal ned og sjå på kaien, seier Eggum.
Teikningar skal presenterast på eit møte seinare i februar. Det vert også jobba med tilsvarande tankar for Årdalsvatnet, Skåri og Vettismorki, der ein set alle desse haldepunkta saman til eit totalprodukt.